Grasavlingane på Austlandet meir enn halvert i fjor
Publisert:
Grasavlingane på Austlandet fall i 2018 med meir enn halvparten frå året før. Potetavlinga auka på si side trass i tørkesommaren.
- Tala er henta frå
- Potet- og grovfôravlingar
- Artikkelen er del av serien
- Potet- og grovfôravlingar (arkiv)
Grasavlinga i 2018 var 2,05 millionar tonn rekna som tørt høy, og det er vel 21 prosent lågare enn året før, viser tal frå statistikken Potet og grovföravlingar.
I store delar av landet opplevde ein den verste tørkesommaren på over 50 år, og det var særleg austlandet som vart ramma.
I Akershus og Oslo vart grasavlinga i 2018 over 60 prosent lågare enn året før, medan nedgangen i Vestfold var 55 prosent. I Telemark var avlinga 47 prosent mindre enn året før, i Oppland og Buskerud 43 prosent.
1 Omfattar all avling frå eng til slått omrekna via tørrstoff til høy.
Figur 1. Avling av eng til slått¹
Høy | |
2000 | 648 |
2001 | 659 |
2002 | 623 |
2003 | 594 |
2004 | 626 |
2005 | 607 |
2006 | 593 |
2007 | 589 |
2008 | 625 |
2009 | 620 |
2010 | 558 |
2011 | 587 |
2012 | 635 |
2013 | 558 |
2014 | 648 |
2015 | 708 |
2016 | 666 |
2017 | 621 |
2018* | 466 |
Også for andre grovfôrvekstar, til dømes raigras og kornvekstar til grønfôr, var det ein markant nedgang i avlingsnivået frå 2017 til 2018. I 2017 vart det hausta 116 000 tonn med andre grovfôrvekstar, mot 180 000 tonn året før.
Dette svarer til ein nedgang på 36 prosent på landsbasis. Også her finn vi den største avlingsnedgangen blant fylka på Austlandet.
Tre fjerdedelar som rundballar
Ved førsteslåtten i 2018 blei det hausta 4,4 millionar dekar eng og ved etterslått 3,1 millionar dekar.
Ved førsteslåtten blei 20 prosent av graset lagt i silo, medan 77 prosent blei hausta som silo i rundballar. Ved etterslåtten blei 19 prosent lagt i silo, medan delen som blei hausta som rundballar auka til 80 prosent.
Graset frå 3 prosent av engarealet ved førsteslåtten blei tørka som høy, medan høy berre utgjorde knapt 1 prosent av etterslåtten.
Varierande potetavling
Sjølv om tørken også var merkbar for ein del av potetprodusentane, var potetavlinga for landet sett under eitt høgare i 2018 enn i 2017. Potetavlinga i 2018 er berekna til 326 tusen tonn, ein auke på 3,5 prosent frå året før.
Figur 2. Avling av poteter
2000 | 2001 | 2002 | 2003 | 2004 | 2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018* | |
1000 tonn | 368 | 401 | 393 | 367 | 396 | 317 | 378 | 330 | 398 | 333 | 333 | 296 | 305 | 318 | 358 | 305 | 351 | 315 | 326 |
I Akershus og Oslo medførte tørken til ein nedgang i avlinga på 18 prosent frå 2017 til 2018. I Østfold var avlingsreduksjonen på 15 prosent, medan reduksjonen i Hedmark og Buskerud var om lag 6 prosent.
Nedgangen i avlingane på Austlandet vart vege opp av auke i avlingane i mellom anna Rogaland og Trøndelag. Der var potetavlinga respektive 25 og 20 prosent høgare i 2018 enn i 2017.
Kontakt
-
Berit Bjørlo
-
SSBs informasjonstjeneste