Jordbruksarealet held seg stabilt
Publisert:
Jordbruksareal i drift held seg relativt stabilt og ligg på om lag 10 millionar dekar. Men kvart år blir det færre jordbruksbruksbedrifter, og i løpet av dei siste 50 åra har 3 av 4 gardsbruk lagt ned drifta.
- Tala er henta frå
- Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr
- Artikkelen er del av serien
- Jordbruk og miljø, 2021
Jordbruksarealet utgjer berre om lag 3 prosent av Noregs landareal. Årsaka til denne låge prosenten er at landarealet består av mykje bratt areal, og mykje av jorda ligg på berggrunn og inneheld mykje stein. Klima er òg ei viktig årsak da landet ligg langt mot nord og har kort vekstsesong. Forutan desse naturgitte forholda, er dagens norske jordbruk eit resultat av den generelle samfunnsutviklinga og politiske rammer.
Jordbrukets utviklingstrekk dei siste 50 åra
Jordbrukspolitikken har over tid stimulert til kornproduksjon i dei områda av landet som har klima og topografi som er eigna til korndyrking. Dei beste områda til korndyrking ligg på flatbygdene på Austlandet og i Trøndelag. Det meste av produksjonen av mjølk og kjøt frå grovfôretande husdyr som storfe, sau og geit, skjer i dal- og fjellbygdene, på Vestlandet og i Nord-Noreg. Parallelt med spesialiseringa mellom distrikta har det skjedd ei spesialisering i den enkelte jordbruksbedrifta. For 50 år sidan hadde dei fleste bedrifter fleire husdyrslag og dyrka fleire vekstar. Mange jordbruksbedrifter har no slutta heilt med husdyr, eller har berre eitt dyreslag. Også i planteproduksjonen har det skjedd ei spesialisering i retning av ein eller få vekstar.
Jordbruksarealet i drift har lege på rundt 10 millionar dekar dei siste 50 åra, medan talet på jordbruksbedrifter er sterkt redusert. Frå 1969 til 2020 har talet på jordbruksbedrifter blitt redusert med 75 prosent, frå 155 000 til 38 600. Mange av jordbruksbedriftene som legg ned drifta, sel eller leiger bort jordbruksarealet til jordbruksbedrifter som framleis er aktive. Samstundes skjer det ein tilgang i jordbruksarealet ved at areal blir nydyrka, og ein avgang ved at jordbruksareal blir tatt ut av drift og gror igjen eller blir omdisponert til andre føremål.
Jordbruksareal i drift var 9,55 millionar dekar i 1969 og 9,86 millionar dekar i 2020. Gjennomsnittleg jordbruksareal per bedrift har dermed blitt firedobla i denne perioden, frå 62 til 255 dekar.
Prosentdel jordbruksbedrifter med eitt eller fleire husdyrslag har minka frå 86 i 1969 til 72 prosent i 2020. Til dømes har talet på jordbruksbedrifter med mjølkeku gått ned frå 82 200 til 7 200. Dette vil seie at 10 av 11 mjølkeprodusentar har slutta i denne perioden. Talet på mjølkeku er halvert, frå 436 000 til 214 000.
Mest jordbruksareal på Austlandet og i Trøndelag
Sjølv om jordbruksareal i drift har heldt seg relativt stabilt gjennom åra, blei det registrert ein topp på 10,47 millionar dekar i 2001. Førebelse tal for 2020 viser at det var 9,86 millionar dekar jordbruksareal i drift. Nedgangen kjem både av at innføring av digitalt kartgrunnlag har gjeve meir nøyaktige arealmålingar og at noko areal har gått ut av drift. Innføring av digitalt kartgrunnlag skjedde i åra 2005 til 2013 og førte til ein reduksjon i jordbruksarealet på om lag 3,3 prosent.
Jordbruksarealet blir vanlegvis delt inn hovudkategoriane fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Frå 1999 til 2020 har prosentdelen for fulldyrka jord av totalt jordbruksareal i drift minka frå 85 til 82 på landsbasis. I same periode har del overflatedyrka jord minka frå 3 til 2 prosent medan innmarksbeite har auka frå 12 til 16 prosent. I 2020 hadde fylka Oslo/Viken samt Vestfold og Telemark størst del fulldyrka jord med respektive 94 og 93 prosent. Minst del hadde fylka Rogaland og Vestland med 53 og 52 prosent.
Dei 5 kommunane som hadde mest jordbruksareal i drift i 2020, var Indre Østfold med 229 300 dekar, Ringsaker med 187 200 dekar, Steinkjer med 172 300 dekar, Nes (Viken) med 134 100 dekar og Levanger med 134 100 dekar. Desse 5 kommunane hadde til saman 9 prosent av landets jordbruksareal.
Mindre kornareal - meir innmarksbeite
Jordbruksareal i drift kan òg delast inn i kategoriane åker-/hagebruksvekstar og eng/beite. Arealet av eng og beite er den største kategorien og utgjorde 67 prosent av det totale jordbruksarealet på 9,86 millionar dekar i 2020. Åker-/ hagebruksvekstar utgjorde 33 prosent av jordbruksarealet. I 1999 utgjorde arealet av åker-/hagebruksvekstar 38 prosent og eng/beite 62 prosent av det totale jordbruksarealet på 10,38 millionar dekar.
I 2020 var arealet av åker- og hagebruksvekstar 3,27 millionar dekar. Arealet er redusert med 722 300 dekar, eller 18 prosent, sidan 1999. Korn og oljevekstar utgjer mesteparten av arealet av åker- og hagebruksvekstar. I 2020 var arealet av korn og oljevekstar 2,84 millionar dekar, noko som svara til om lag 29 prosent av det totale jordbruksarealet i drift. I 1999 utgjorde arealet av korn- og oljevekstar 32 prosent av jordbruksarealet. I 2020 hadde fylka Oslo/Viken, Innlandet og Trøndelag til saman 88 prosent av landets areal av korn- og oljevekstar. Jordbruksbedrifter med korn- og oljevekstareal har gått ned med 53 prosent frå 1999 til 2020, og arealet per jordbruksbedrift som dyrkar korn og oljevekstar, har auka frå 153 til 278 dekar.
Arealet av poteter, grønsaker, frukt, bær og andre åker- og hagebruksvekstar var til saman 0,44 millionar dekar i 2020 og utgjorde berre om lag 4 prosent av det totale jordbruksarealet. I 1999 var dette arealet 0,65 millionar dekar.
Jordbruksbedrifter med potetdyrking har gått ned med 85 prosent frå 1999 til 2020. Potetarealet har gått ned med 23 prosent. Gjennomsnittleg potetareal på bedrifter som dyrkar potet, har dermed auka frå 14 dekar til 76 dekar. Det blir framleis dyrka mest poteter på Austlandet og i Trøndelag.
Figur 3. Utviklinga av areal med utvalde jordbruksvekstar. 1999-2020. 1999=100
1999 | 2000 | 2001 | 2002 | 2003 | 2004 | 2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | |
Korn og oljevekstar | 100.0 | 100.5 | 101.3 | 101.0 | 99.9 | 100.2 | 99.2 | 97.1 | 95.1 | 93.8 | 92.8 | 91.8 | 90.9 | 89.6 | 86.5 | 86.0 | 85.5 | 86.4 | 86.4 | 84.7 | 83.4 | 84.8 |
Poteter | 100.0 | 101.8 | 102.6 | 102.5 | 98.1 | 95.5 | 92.5 | 94.6 | 97.4 | 96.4 | 92.6 | 89.1 | 86.8 | 85.3 | 85.1 | 83.1 | 79.7 | 80.7 | 79.0 | 78.2 | 78.7 | 77.2 |
Grønsaker på friland, frukt og bær | 100.0 | 100.6 | 103.0 | 102.7 | 102.4 | 102.0 | 105.2 | 106.2 | 111.7 | 109.3 | 104.9 | 103.0 | 100.5 | 103.3 | 103.6 | 109.0 | 110.3 | 115.2 | 112.6 | 115.6 | 114.7 | 114.4 |
Fulldyrka eng | 100.0 | 99.6 | 99.8 | 100.8 | 100.6 | 100.3 | 99.6 | 100.4 | 100.6 | 100.2 | 99.0 | 97.7 | 97.4 | 97.0 | 97.5 | 98.1 | 98.4 | 97.4 | 96.9 | 98.2 | 98.9 | 98.4 |
Overflatedyrka eng | 100.0 | 98.2 | 95.7 | 95.1 | 92.8 | 91.3 | 90.7 | 88.5 | 86.0 | 82.4 | 76.1 | 70.1 | 68.0 | 68.2 | 67.6 | 67.3 | 67.0 | 66.1 | 66.1 | 67.7 | 67.9 | 70.2 |
Innmarksbeite | 100.0 | 106.2 | 108.8 | 111.3 | 112.7 | 114.4 | 117.1 | 119.7 | 122.7 | 124.0 | 125.3 | 127.6 | 128.7 | 128.6 | 128.6 | 128.1 | 128.4 | 128.3 | 132.5 | 131.6 | 130.8 | 130.3 |
Arealet av eng og beite utgjorde 6,59 millionar dekar av det totale jordbruksarealet i drift i 2020. Dette er ein auke på 203 800 dekar sidan 1999. Eng- og beitearealet fordelte seg på 4,80 millionar dekar fulldyrka eng, 0,21 millionar dekar overflatedyrka eng og 1,58 millionar dekar innmarksbeite i 2020. Sidan 1999 har det blitt 2 prosent mindre fulldyrka eng og 30 prosent mindre overflatedyrka eng, medan innmarksbeite har auka med 30 prosent. Areal av innmarksbeite per jordbruksbedrift med innmarksbeite, har i denne perioden auka frå 42 til 67 dekar.
Fleire større jordbruksbedrifter
Førebelse tal for 2020 viser at det var det 38 600 aktive jordbruksbedrifter i landet. Om lag 5 prosent av desse hadde upersonleg brukar, slik som ansvarleg selskap, aksjeselskap og institusjon.
Figur 4. Jordbruksbedrifter, etter storleiken på jordbruksareal i drift. 1999-2020
Jordbruksbedrifter i alt | -99 dekar | 100-299 dekar | 300-499 dekar | 500- dekar | |
1999 | 70740 | 31237 | 32653 | 5273 | 1577 |
2000 | 68539 | 29251 | 31967 | 5613 | 1708 |
2001 | 65607 | 26566 | 31267 | 5878 | 1896 |
2002 | 61890 | 23451 | 30118 | 6209 | 2112 |
2003 | 58231 | 20441 | 29073 | 6424 | 2293 |
2004 | 55507 | 18290 | 28108 | 6631 | 2478 |
2005 | 53003 | 16552 | 26950 | 6817 | 2684 |
2006 | 51218 | 15595 | 25737 | 6963 | 2923 |
2007 | 49935 | 15046 | 24729 | 7064 | 3096 |
2008 | 48825 | 14873 | 23679 | 7031 | 3242 |
2009 | 47688 | 14636 | 22664 | 6988 | 3400 |
2010 | 46624 | 14359 | 21884 | 6857 | 3524 |
2011 | 45612 | 14052 | 21173 | 6770 | 3617 |
2012 | 44794 | 13949 | 20456 | 6674 | 3715 |
2013 | 43726 | 13564 | 19752 | 6539 | 3871 |
2014 | 43022 | 13403 | 19083 | 6490 | 4046 |
2015 | 42018 | 12838 | 18606 | 6385 | 4189 |
2016 | 41121 | 12515 | 17995 | 6305 | 4306 |
2017 | 40338 | 12159 | 17429 | 6280 | 4470 |
2018 | 39678 | 11953 | 16866 | 6201 | 4658 |
2019 | 39090 | 11835 | 16303 | 6179 | 4773 |
2020 | 38633 | 11759 | 15901 | 6045 | 4928 |
Sidan 1999 har 45 prosent av gardsbruka slutta med jordbruksdrift. Det er jordbruksbedrifter med mindre enn 100 dekar jordbruksareal i drift som har stått for den største nedgangen i brukstalet. I 1999 var 44 prosent av alle jordbruksbedriftene i denne storleiksgruppa, i 2020 hadde prosentdelen gått ned til 30. Sidan 1999 har det òg vore ein jamn nedgang i talet på bedrifter i storleiksgruppa 100-299 dekar, og frå 2007 også ein nedgang i storleiksgruppa 300-499 dekar. Talet på jordbruksbedrifter med meir enn 500 dekar aukar. I 1999 inngjekk 2 prosent av jordbruksbedriftene i denne storleiksgruppa, i 2020 hadde delen auka til 13 prosent.
Framleis flest jordbruksbedrifter med driftsforma sau
Klassifisering av jordbruksbedriftene etter driftsform er ei inndeling som er felles for alle EU- og EØS-landa. Frå og med 2010 byggjer inndelinga på faktorar for standard omsetning knytte til dei ulike vekstane og husdyrslaga.
Figur 5. Jordbruksbedrifter etter driftsform. 2010 og 2020
2010 | 2020 | |
Plante- og husdyrproduksjon i kombinasjon | 1549 | 1409 |
Blanda husdyrproduksjon | 652 | 538 |
Blanda planteproduksjon | 326 | 237 |
Svin og fjørfe | 2044 | 1897 |
Andre grovfôretande dyr | 2961 | 2597 |
Sau | 9658 | 9415 |
Storfe mjølk- og kjøttproduksjon i kombinasjon | 2032 | 887 |
Storfe kjøttproduksjon | 4106 | 4237 |
Storfe mjølkeproduksjon | 8574 | 5916 |
Hagebruksvekstar | 1658 | 1409 |
Andre jordbruksvekstar | 5283 | 3787 |
Korn og oljevekstar | 7781 | 6304 |
Det var flest jordbruksbedrifter med driftsforma «Sau» både i 2010 og 2020. I 2010 utgjorde «Sau» 21 prosent av totalt 46 600 jordbruksbedrifter og i 2020 var prosentdelen auka til 24 av totalt 38 600 bedrifter. Sidan 2010 har også prosentdelen for driftsformene «Storfe kjøttproduksjon» og «Svin og fjørfe» gått opp. Prosentdelen for «Storfe kjøttproduksjon» har auka frå 9 til 11 og for «Svin og fjørfe» frå 4 til 5. Prosentdelen for bedrifter med driftsformene «Storfe mjølkeproduksjon» og «Korn og oljevekstar» har gått ned. Prosentdelen for «Storfe mjølkeproduksjon» har minka frå 18 til 15 og for «Korn og oljevekstar» frå 17 til 16.
Fleire ammekyr – færre mjølkekyr
Talet på ammekyr går stadig oppover, medan talet på mjølkekyr minkar. Talet på ammekyr har nær tredobla seg frå 1999 til 2020, frå 37 000 til 107 000. Talet på mjølkekyr har minka med 32 prosent, frå 313 000 til 214 000. Andre storfe har gått ned frå 683 000 til 563 000.
Flest ammekyr var det i fylka Innlandet, Trøndelag og Oslo/Viken i 2020, med til saman 56 prosent av landstalet. Det har vore ein auke i talet på ammekyr over heile landet sidan 1999. Det var 5 900 jordbruksbedrifter med ammeku i 2020, ein auke på 9 prosent frå 1999. Gjennomsnittleg buskapsstorleik for ammeku har auka frå 7 til 18.
Flest mjølkekyr var det i fylka Trøndelag, Rogaland og Innlandet i 2020, med til saman 58 prosent av landstalet. Det har over lengre tid vore flest mjølkekyr i desse områda. Sjølv om det er registrert ein nedgang i talet på mjølkekyr over heile landet sidan 1999, har den største prosentvise nedgangen vore på Vestlandet. Jordbruksbedrifter med mjølkeku har gått ned frå 22 700 til 7 200, eller 68 prosent, frå 1999 til 2020. Gjennomsnittleg buskapsstorleik for mjølkeku har auka frå 14 til 30.
Jamvel om talet på mjølkekyr har minka, har den samla mjølkeproduksjonen vore nokså stabil sidan førsten på 2000-talet. Årsaka er auken i mjølkeyting per ku. I perioden 1999–2019 har kg mjølk per årsku auka frå 6 100 kg til 8 100 kg. I 2020 hadde 34 prosent av mjølkeprodusentane mjølkerobot. I gjennomsnitt hadde desse jordbruksbedriftene 48 mjølkekyr. Jordbruksbedrifter utan mjølkerobot hadde i gjennomsnitt 20 mjølkekyr. 55 prosent av mjølkekyrne var på gardsbruk med mjølkerobot.
Figur 6. Talet på husdyr, etter husdyrslag. 1999-2020
1999 | 2000 | 2001 | 2002 | 2003 | 2004 | 2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | |
Mjølkekyr | 312948 | 297731 | 289617 | 281502 | 278137 | 271970 | 265186 | 259084 | 253364 | 248283 | 239637 | 238442 | 233347 | 233257 | 228895 | 223997 | 224298 | 221485 | 219265 | 219016 | 210540 | 213715 |
Ammekyr | 36809 | 44517 | 46556 | 48312 | 51561 | 53398 | 55651 | 59374 | 60945 | 63237 | 66651 | 69874 | 71892 | 73325 | 75002 | 75879 | 78750 | 85822 | 93689 | 98017 | 99694 | 106765 |
Andre storfe | 683313 | 645667 | 642681 | 628847 | 627218 | 617840 | 612861 | 604518 | 591206 | 579650 | 571846 | 566213 | 558900 | 555342 | 549758 | 540124 | 550279 | 564838 | 572338 | 564958 | 563902 | 563356 |
Sauer over 1 år | 955367 | 966278 | 1000151 | 991690 | 986639 | 966508 | 954738 | 928486 | 894483 | 897884 | 907563 | 922519 | 920423 | 905606 | 911457 | 886099 | 918341 | 954596 | 940314 | 956389 | 900926 | 900320 |
Mjølkegeiter | 51724 | 50299 | 48467 | 46786 | 45692 | 45095 | 44532 | 42365 | 41161 | 38853 | 37959 | 36650 | 35476 | 35154 | 33064 | 31515 | 33702 | 34982 | 33913 | 34462 | 34278 | 33838 |
Alssvin | 100408 | 90791 | 91442 | 92409 | 97106 | 100886 | 100747 | 102483 | 99216 | 99618 | 100954 | 97586 | 97263 | 96596 | 96862 | 94670 | 95771 | 92580 | 89479 | 85774 | 80044 | 76110 |
Talet på sauer over 1 år var 900 300 i 2020, dette er 6 prosent færre enn i 1999. Talet på jordbruksbedrifter med vaksne sauer gjekk ned med 39 prosent i denne perioden. I 2020 var det 13 700 jordbruksbedrifter med vaksne sau. Det er flest sauer og flest jordbruksbedrifter med sau på Vestlandet.
I perioden 1999-2020 minka talet på alssvin frå 100 400 til 76 100. Talet på jordbruksbedrifter med alssvin minka frå 3 700 til knapt 1 000, og gjennomsnittleg buskapsstorleik har dermed auka frå 27 til 79 alssvin. Jamvel om tal alssvin har minka monaleg, har produksjonen av svinekjøtt auka med 21 prosent frå 1999 til 2019.
Det var 280 jordbruksbedrifter som hadde mjølkegeit i 2020, dette er 470 færre enn i 1999. Talet på mjølkegeit har gått ned frå 51 700 til 33 800.
Talet på verpehøner har auka frå 3,2 til 4,5 millionar, medan talet på jordbruksbedrifter med verpehøner har gått ned frå 4 100 til 1 600. I 2020 tilhøyrde 94 prosent av verpehønene jordbruksbedrifter med minst 5 000 verpehøner.
Hestehald på jordbruksbedrifter har blitt sterkt redusert. I 2020 blei det registrert 27 000 hestar på jordbruksbedriftene. Ein stor del av det totale hestehaldet i Noreg er i dag utanom jordbruksbedriftene, slik som på travbaner, ridesenter og hobbybruk, og desse hestane inngår ikkje i jordbruksstatistikken.
Faktaside
Kontakt
-
Berit Bjørlo
-
Anne Ingunn Løvberget
-
SSBs informasjonstjeneste