Grønt skifte

Økologisk jordbruk går tilbake

Publisert:

Endret:

Det økologiske arealet utgjorde 4,2 prosent av alt jordbruksareal i drift i 2019. Etter ein vekst fram til 2011 har arealet minka. Talet på økologiske produsentar har gått tilbake dei siste ti åra og er no knapt 2 000.

Økologisk jordbruk inneber ei allsidig drift med mest mogleg variert vekstskifte og resirkulering av organisk materiale. Det er strenge restriksjonar for bruk av plantevernmiddel og mineralgjødsel. Vidare må husdyrhaldet avpassast arealgrunnlaget, og gardbrukaren må ta omsyn til dei naturlege behova husdyra har. Jordbruksbedrifter med økologisk drift blir kvart år godkjente og kontrollerte av medlemsorganisasjonen Debio.

Under 5 prosent av jordbruksarealet er økologisk

I 2019 utgjorde økologisk jordbruksareal i drift 411 500 dekar. Dette omfatta 4,2 prosent av det totale jordbruksarealet i drift. Dersom ein også tar med 41 600 dekar som er under omlegging til økologisk produksjon, karensareal i drift, utgjer arealet 4,6 prosent. Desse prosentdelane er dei lågaste som er registrerte i løpet av dei siste ti åra.

Tabell 1. Økologisk areal og karensareal i drift1, dekar og prosent av totalt jordbruksareal i drift. 1999, 2009 og 2017-2019

Til tabellen

Sjå fleire tal om økologisk jordbruksareal

Sidan toppåret 2011 har det økologiske jordbruksarealet gått ned med 92 500 dekar, eller 18 prosent. Frå 2018 til 2019 minka arealet med 5 300 dekar, eller 1,3 prosent. I 2019 var det mest økologisk jordbruksareal i Trøndelag, med 100 200 dekar. Dette utgjorde vel 6 prosent av alt areal i drift i fylket, og det svara til 24 prosent av alt økologisk areal i heile landet. I Rogaland, som elles er eit viktig jordbruksfylke, blei berre 0,7 prosent av jordbruksarealet drive økologisk.

Fulldyrka eng utgjorde størsteparten av det økologiske arealet, med 58 prosent. Innmarksbeite utgjorde 17 prosent, medan korn stod for 14 prosent.

Sjå fleire tal om økologiske jordbruksvekstar

Karensarealet auka fram til 2009, men har deretter gått ned. Karensarealet var 41 600 dekar i 2019, som er 5 300 dekar, eller 11,3 prosent, mindre enn i 2018.

Figur 1

Figur 1. Økologisk jordbruksareal og karensareal¹

Færre økologiske jordbruksbedrifter

I 2019 var det 1 869 jordbruksbedrifter med økologisk produksjon, medan knappe 100 bedrifter var under omlegging (i karens). Til saman utgjorde desse 5,0 prosent av totalt 38 900 jordbruksbedrifter i Noreg. Dette er om lag den same prosentdelen som dei siste fem åra, men eitt prosentpoeng mindre enn i toppåra 2009-2011. Kvart år er det nye bedrifter som legg om til økologisk drift, men samstundes er det nokre som går tilbake til konvensjonelt jordbruk eller legg ned drifta. Sidan 2009 er det blitt om lag 900 færre økologiske jordbruksbedrifter.

Sjå fleire tal om økologiske jordbruksbedrifter

Figur 2

Figur 2. Jordbruksbedrifter med økologisk drift og jordbruksbedrifter under omlegging (karens)

Fleire økologiske verpehøner

Talet på økologiske verpehøner har auka kvart år sidan 2011. I 2019 var det 307 500 økologiske verpehøner, desse utgjorde nær 7 prosent av alle verpehøner i Noreg. Tidlegare Østfold fylke hadde 42 prosent av dei økologiske verpehønene.

Det var 28 400 økologiske storfe i 2019, av desse var 7 900 mjølkekyr og 3 800 ammekyr. Ein tredjedel av dei økologiske mjølkekyrne og 23 prosent av ammekyrne i landet var i Trøndelag. I heile landet var det 43 600 økologiske sauer, 1 600 økologiske geiter og 2 800 økologiske svin.

Sjå fleire tal om økologiske husdyr

Frå 2018 til 2019 blei det registrert ein auke i den økologiske prosentdelen for verpehøner, medan det var nedgang eller uendra prosentdel for dei andre husdyrslaga.

1 Førebels tal for 2019.

Figur 3. Prosent økologiske dyr av totalt husdyrtal for utvalde husdyrslag

Verpehøner Geit Sau Svin Andre storfe Ammeku Mjølkeku
2019 ¹ 6.7 2.4 4.6 0.4 2.9 3.8 3.8
2018 6.6 2.6 4.6 0.4 3.1 4.4 3.8
2017 6.0 2.4 4.4 0.4 3.0 4.4 3.8

Økologisk mjølkeproduksjon minkar

Fram til 2013 var det ein sterk vekst i produksjonen av økologisk kumjølk, men deretter har det vore ein svak nedgang. I 2019 blei det produsert 49,1 millionar liter økologisk kumjølk. Sidan 2013 har den økologiske produksjonen minka med 5,4 millionar liter. I den same perioden har delen økologisk mjølkeproduksjon av den totale mjølkeproduksjonen gått ned frå 3,6 til 3,3 prosent.

I løpet av dei ti siste åra har produksjonen av økologiske egg dobla seg. Det blei produsert 4 920 tonn økologiske egg i 2019, og dette utgjorde 7,5 prosent av den totale eggproduksjonen.

Produksjonen av økologisk kjøt av storfe, småfe (sau/lam og geit), svin og fjørfe var i sum 2 718 tonn og utgjorde berre 0,8 prosent av den totale kjøtproduksjonen i 2019. Produksjonen av økologisk storfekjøt utgjorde 1 368 tonn, sauekjøt 542 tonn, svinekjøt 367 tonn og fjørfekjøt 437 tonn. Samanlikna med 2018 blei det produsert 235 tonn mindre storfekjøt og 100 tonn mindre sauekjøt. Denne nedgangen kan ha samanheng med tørkesommaren 2018 med følgjande redusert buskap av drøvtyggjarar. Produksjonen av økologisk svinekjøt og fjørfekjøt gjekk også ned frå 2018 til 2019.

1 Førebels tal for 2019.

Figur 4. Prosent økologisk produksjon av totalproduksjon for mjølk, kjøt, egg og korn

2017 2018 2019
Mjølk 3.4 3.3 3.3
Storfekjøt 1.86 1.79 1.6
Sauekjøt 2.66 2.44 2.3
Svinekjøt 0.28 0.29 0.3
Fjørfekjøt 0.33 0.48 0.41
Egg 6.6 7.4 7.5
Korn ¹ 1.2 0.95 1.00

Det blir produsert mindre norsk, økologisk matkorn enn det er behov for, og ein stor del blir importert. Sjølv om mesteparten av det økologiske kornet er av fôrkvalitet, er det òg mangel på norsk økologisk korn til kraftfôr. Førebelse tal for 2019 viser at mengda økologisk korn, inkludert erter, oljefrø og åkerbønner, var 12 100 tonn. Dette utgjorde om lag 1 prosent av den konvensjonelle kornproduksjonen.

Den norske produksjonen av økologiske poteter, grønsaker, frukt og bær er liten, og importen utgjer ein stor del av marknaden. Det blei dyrka økologiske poteter på 1 300 dekar, som utgjorde berre 1 prosent av potetarealet i 2019. Avlinga av økologiske grønsaker utgjorde 2,6 prosent av den totale avlinga av norske grønsaker. For frukt og bær var delane 4 og 1 prosent.

Liten omsetnad av økologiske matvarer

Tala frå 2018 viser at salet av økologisk mat berre utgjorde om lag 2 prosent av matomsetnaden i daglegvarehandelen, rekna i kroner. Økologisk mat og drikke blir òg omsett gjennom andre salskanalar, slik som storhushald, bakeri utanom daglegvare, spesialforretningar, Bondens marknad, REKO-ringar, Vinmonopolet, gardsutsal, mathallar, nettsal, helsekostkjedar og abonnementsordningar. Omsetnaden av økologiske matvarer omfattar både varer produserte i Noreg og import. Per i dag finst det ikkje noko samla oversyn over importen av økologiske varer sidan tollsystemet i liten grad skil mellom økologiske og konvensjonelle varer.

Sverige har mest økologisk areal i Norden

Sidan 2005 har Sverige lege på den nordiske toppen med størst del økologisk areal og karensareal av totalt jordbruksareal i drift. Frå 2005 til 2018 auka arealet frå 7,0 til 20,3 prosent av alt areal i drift.

Finland hadde ein nedgangsperiode frå 2002 til 2006, men har deretter auka jamt til 13,1 prosent i 2018. I Danmark har arealet gått opp og ned, men etter 2015 har det vore auke, og økologisk jordbruksareal utgjorde 9,8 prosent i 2018. I Noreg utgjorde den økologiske delen 4,6 prosent i 2019, dette er 1,1 prosentpoeng mindre enn i toppåret 2010.

Island har lite økologisk jordbruksareal samanlikna med dei andre nordiske landa. Eurostat har oppgitt at 0,4 prosent av jordbruksarealet på Island var økologisk i 2017.

1 Førebels tal for 2019.

Figur 5. Prosent økologisk areal og karensareal av totalt jordbruksareal i drift i dei nordiske landa

2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019
Noreg ¹ 2.0 2.5 3.1 3.7 3.9 4.2 4.3 4.7 5.1 5.6 5.7 5.6 5.6 5.3 5.0 4.8 4.8 4.8 4.7 4.6
Sverige 5.9 6.6 6.8 7.2 7.0 7.0 7.2 9.9 10.9 12.8 14.3 15.7 15.8 16.5 16.5 17.1 18.3 19.2 20.3
Danmark 5.9 6.3 6.5 6.3 5.8 4.9 5.1 5.0 5.6 5.9 6.1 6.1 7.3 6.4 6.3 6.3 7.8 8.6 9.8
Finland 6.7 6.7 7.6 7.1 7.2 6.5 6.3 6.6 6.5 7.2 7.4 8.2 8.7 9.1 9.3 9.9 10.5 11.4 13.1

Austerrike på topp i EU

Innanfor EU28-landa var det Austerrike som hadde størst del økologisk areal i 2018, med 24 prosent. Deretter følgde Estland med 21 prosent og Sverige med 20 prosent. Gjennomsnittet for alle land i EU28 låg på om lag 7,5 prosent.

1 Førebelse eller estimerte tal.

Figur 6. Prosent økologisk areal og karensareal av totalt jordbruksareal i drift i EU-land, samt Sveits og Noreg. 2018

2018
Noreg ¹ 4.7
Sveits 15.39
Malta 0.41
Romania 2.43
Bulgaria 2.56
Irland 2.63
Storbritannia 2.64
Nederland 3.18
Polen 3.33
Ungarn 3.92
Luxembourg 4.39
Kypros ¹ 4.56
Portugal 5.93
Belgia 6.56
Kroatia 6.94
Frankrike 7.01
Tyskland 7.34
Litauen 8.13
Spania 9.28
Hellas 9.32
Danmark 9.75
Slovakia 9.85
Slovenia 10.01
Finland 13.09
Latvia ¹ 14.47
Tsjekkia 14.76
Italia ¹ 15.24
Sverige 20.29
Estland 20.57
Austerrike 24.08
28 EU-land ¹ 7.5

Nasjonal strategi for økologisk jordbruk

Regjeringa utarbeidde i 2018 ein nasjonal strategi for økologisk jordbruk. Målet er å stimulere til økologisk produksjon som er etterspurt i marknaden. Tidlegare var det eit konkret mål om at 15 prosent av matproduksjonen og matforbruket i Noreg skulle vere økologisk i 2020. Ein har aldri vore i nærleiken av å nå det målet.

Tilskot til økologisk jordbruk

I 2019 blei det utbetalt 115,9 millionar kroner i direkte tilskot til økologisk primærproduksjon. Dette var om lag 7 millionar kroner meir enn i 2018.

Det blei avsett 31 millionar kroner i jordbruksoppgjeret 2019 til økologiske utviklingstiltak.

Økologiforskrifta

Økologisk matproduksjon er regulert av økologiforskrifta. Forskrifta er basert på EU-standarden for økologisk produksjon. Mattilsynet er tilsynsmyndigheit og har delegert ansvaret for tilsynet til Debio.

Debio. (2020). Årleg statistikk. Henta frå https://debio.no/statistikk/ 

Eurostat. (2020, 18. mai). Agriculture. Henta frå https://ec.europa.eu/eurostat/web/agriculture/data/main-tables

Landbruksdirektoratet. (2020). Produksjon og forbruk av økologiske jordbruksvarer. Henta frå https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/jordbruk/miljo-og-klima/okologisk-landbruk/produksjon-og-forbruk-av-okologiske-jordbruksvarer

Landbruks- og matdepartementet. (2018). Nasjonal strategi for økologisk jordbruk - Nasjonal strategi 2018-2030.  Henta frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nasjonal-strategi-for-okologisk-jordbruk/id2607229/

Økologiforskriften. (2017). Forskrift om økologisk produksjon og merking av økologiske landbruksprodukter, akvakulturprodukter, næringsmidler og fôr (økologiforskriften). Henta frå https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2017-03-18-355

Faktaside

Kontakt