Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auka laksefiske i elvane
I alt blei det fiska 480 tonn laks, sjøaure og sjørøye i elvane i 2008. Det er om lag 68 tonn, eller 16 prosent, meir enn i 2007.
Fangsten var fordelt på 424 tonn laks og 56 tonn sjøaure og sjørøye. Samanlikna med året før var det ein auke på 25 prosent for laks og ein nedgang på 25 prosent for dei to andre fiskeslaga.
Gjennomsnittsvekta for laks gjekk opp frå 3,5 kilo i 2007 til 3,8 kilo i 2008. 25 prosent av laksen vog under 3 kilo, 36 prosent mellom 3 og 7 kilo, og 39 prosent vog over 7 kilo. Tala for 2007 var høvesvis 25, 42 og 33 prosent.
Tana med sideelvar var det viktigaste vassdraget i 2008, med ein fangst på 55,4 tonn. Det er 7,3 tonn meir enn i 2007. Deretter følgjer Gaula, Altaelva, Namsenvassdraget og Orkla.
Det har vore auke i fangstane i alle dei nordlegaste fylka, bortsett frå Nordland. I Trøndelagsfylka auka fangsten med 37,3 tonn frå året før. Finnmark og Trøndelagsfylka hadde størst fangst, og meir enn halvparten av elvefangsten er teken i desse tre fylka i 2008.
2006 | 2007 | 2008* | 2006 | 2007 | 2008* | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Tonn | 1 000 stk | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
I alt | 499 | 415 | 480 | 225 | 174 | 168 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Laks i alt | 420 | 341 | 424 | 142 | 97 | 112 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Under 3 kilo | 160 | 85 | 106 | 95 | 53 | 61 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Mellom 3 og 7 kilo | 175 | 145 | 153 | 38 | 32 | 34 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Over 7 kilo | 85 | 111 | 166 | 9 | 12 | 18 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Sjøaure og sjørøye | 79 | 75 | 56 | 82 | 77 | 56 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
2006 | 2007 | 2008* | 2006 | 2007 | 2008* | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Tonn | 1 000 Stk | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tana med bielvar | 49,6 | 48,1 | 55,4 | 19,3 | 13,7 | 13,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Gaulavassdraget | 44,7 | 25,5 | 42,4 | 11,7 | 4,8 | 7,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Altaelva | 23,1 | 16,3 | 23,5 | 9,8 | 5,2 | 6,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Namsenvassdraget | 21,8 | 17,4 | 26,1 | 7,8 | 6,6 | 7,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Orkla | 23,5 | 17,7 | 21,5 | 6,7 | 3,5 | 4,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Målselvvassdraget | 9,1 | 9,6 | 13,7 | 5,7 | 4,7 | 5,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Tengs-, Bjerkreimselva | 12,0 | 11,2 | 13,2 | 7,0 | 5,1 | 5,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Numedalslågen | 9,9 | 10,8 | 11,8 | 2,9 | 2,5 | 2,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Repparfjordelva m/Skaidijohka | 9,6 | 7,0 | 9,6 | 4,6 | 3,0 | 3,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Drammenselva | 8,1 | 7,3 | 9,4 | 1,9 | 1,4 | 1,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Fangst i alt | Laks | Sjøaure og sjørøye | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
I alt | Under 3 kg | 3-7 kg | Over 7 kg | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Heile landet | 480 300 | 424 481 | 105 654 | 152 669 | 166 158 | 55 819 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
østfold | 1 898 | 1 868 | 143 | 936 | 789 | 30 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Akershus og Oslo | 538 | 280 | 136 | 135 | 9 | 259 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Buskerud | 11 055 | 9 837 | 865 | 4 052 | 4 920 | 1 219 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Vestfold | 11 778 | 11 438 | 888 | 6 113 | 4 437 | 340 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Telemark | 931 | 925 | 267 | 613 | 46 | 6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Aust-Agder | 1 104 | 873 | 280 | 477 | 117 | 231 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Vest-Agder | 22 235 | 21 259 | 7 564 | 11 844 | 1 851 | 976 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Rogaland | 39 729 | 38 785 | 14 257 | 18 662 | 5 866 | 944 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Hordaland | 9 315 | 6 703 | 1 253 | 4 001 | 1 449 | 2 612 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Sogn og Fjordane | 18 581 | 14 998 | 3 511 | 6 771 | 4 715 | 3 584 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Møre og Romsdal | 28 015 | 22 323 | 6 100 | 10 685 | 5 539 | 5 692 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Sør-Trøndelag | 76 732 | 74 999 | 13 509 | 24 012 | 37 478 | 1 733 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Nord-Trøndelag | 44 598 | 42 213 | 9 268 | 15 922 | 17 023 | 2 384 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Nordland | 35 314 | 20 127 | 5 411 | 8 321 | 6 394 | 15 187 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Troms Romsa | 38 294 | 27 178 | 6 418 | 8 220 | 12 541 | 11 116 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Finnmark Finnmárku | 140 185 | 130 677 | 35 786 | 31 904 | 62 988 | 9 509 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Kontakt
-
Anne Turi Baklien
E-post: anne.turi.baklien@ssb.no
tlf.: 48 24 45 30
-
Terje Olav Rundtom
E-post: terje.olav.rundtom@ssb.no
tlf.: 91 38 60 61