Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Tal er retta i figur, teksttabell, vedleggstabellar og i statistikkbanken 1. februar 2013.
Fiskarane tok meir laks
I alt blei det fiska og avliva 495 tonn laks, sjøaure og sjørøye i dei norske elvane i 2012. Det er 50 tonn, eller 11 prosent, meir enn året før. I tillegg blei 91 tonn fanga og sleppt levande ut igjen.
2010 | 2011 | 2012 | 2010 | 2011 | 2012 | |
---|---|---|---|---|---|---|
1Omfattar ikkje fisk som er sleppt ut igjen. | ||||||
Tonn | Tonn | Tonn | 1000 stk | 1000 stk | 1000 stk | |
I alt | 438 | 445 | 495 | 167 | 152 | 166 |
Laks i alt | 382 | 394 | 440 | 115 | 103 | 114 |
Under 3 kilo | 122 | 84 | 110 | 70 | 47 | 59 |
Mellom 3 og 7 kilo | 136 | 202 | 171 | 31 | 44 | 38 |
Over 7 kilo | 123 | 108 | 160 | 13 | 12 | 17 |
Sjøaure og sjørøye | 56 | 51 | 55 | 53 | 49 | 53 |
Den avliva fangsten var fordelt på 440 tonn laks samt 55 tonn sjøaure og sjørøye. Samanlikna med året før var det ein auke på 12 prosent for laks og 7 prosent for dei to andre fiskeslaga.
Størst auke i Finnmark
Det var auke i fangstane i dei fleste fylka. Størst auke hadde Finnmark og Troms, med høvesvis 31 og 10 tonn. Av fylka som hadde nedgang i fangstane i 2012, hadde Buskerud og Møre og Romsdal størst nedgang.
Meir storlaks
Gjennomsnittsvekta for avliva laks auka frå 3,8 kilo i 2011 til 3,9 kilo i 2012. 25 prosent av laksen vog under 3 kilo og 39 prosent mellom 3 og 7 kilo. 36 prosent av laksen vog over 7 kilo. Tilsvarande tal for 2011 var respektive 21, 51 og 27 prosent.
Tana på topp
Tana med sideelvar var det viktigaste fiskevassdraget i 2012, med ein samla fangst på 51,1 tonn. Det er 12,5 tonn meir enn i 2011. Deretter følgde Gaulavassdraget og Altavassdraget. Rangeringa av elvane inkluderer både fangst som er avliva og fisk som er sleppt levande ut att.
Meir fang og slepp
Til saman 25 600 fiskar, fordelte på 18 600 laks og 7 000 sjøaure/sjørøye, blei fiska og sette levande ut i elva igjen i 2012. Tilsvarande tal for året før var 14 300 laks og 7 100 sjøaure/sjørøye. Gaula og Orkla var dei viktigaste vassdraga for dette fisket i 2012, med respektive 1 460 og 930 fiskar.
Finnmark var det fylket der det blei sett ut igjen flest fisk, med drygt 5 200 laks og nærare 800 sjøaure/sjørøye. Deretter følgde Sogn og Fjordane og Nordland.
Gjennomsnittsvekta for fiskar som blei sleppte ut igjen, var 4,6 kg for laks og 0,9 kg for sjøaure og sjørøye.
Kontakt
-
Anne Turi Baklien
E-post: anne.turi.baklien@ssb.no
tlf.: 48 24 45 30
-
Terje Olav Rundtom
E-post: terje.olav.rundtom@ssb.no
tlf.: 91 38 60 61