20278_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/elvefiske/arkiv
20278
Liten auke i laksefisket
statistikk
2000-01-28T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
elvefiske, Elvefiske, elvar, fangst, fang og slepp, gjenutsetjingFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Elvefiske1999, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten auke i laksefisket

Det blei fiska i alt 413 tonn laks, sjøaure og sjørøye i elvane i 1999. Det er 8 tonn meir enn i 1998.

Fangsten var fordelt på 328 tonn laks og 85 tonn sjøaure og sjørøye. I forhold til året før er det ein nedgang på 1 prosent for laks, medan fangsten av dei to andre fiskeslaga auka med 15 prosent.

Gjennomsnittsvekta for laks var 2,7 kilo i 1999 mot 2,5 kilo i 1998. Den prosentvise fordelinga på vektklasser var den same som i 1998: 51 prosent under 3 kilo, 30 prosent mellom 3 og 7 kilo og 19 prosent over 7 kilo.

Tana med bielvar er framleis det viktigaste vassdraget. I 1999 var fangsten berekna til 86 tonn, 27 tonn meir enn i 1998. Deretter følgjer Namsen, Gaula, Altaelva og Numedalslågen, som alle hadde nedgang i fangsten frå 1998 til 1999.

Statistikken kjem ut årleg.

Tabeller: