Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Låge hagebruksavlingar i 2010
Total produksjon av grønsaker på friland i 2010 er berekna til om lag 114 300 tonn. Produksjonen av grønsaker i veksthus var om lag 31 800 tonn.
Totalavlinga av frukt var 14 500 tonn i 2010. Den fordelte seg på 12 000 tonn eple, 1 300 tonn plommer og 350 tonn pærer. Den samla produksjonen for morellar og kirsebær er berekna til 650 tonn. Produksjonen av bær på friland var om lag 10 000 tonn i 2010, og av dette utgjorde jordbær 7 300 tonn.
Produksjonen av hagebruksvekstar var jamt over lågare enn føregåande år. Noko av denne reduksjonen har si årsak i eit forbetra datagrunnlag frå Landbruksteljing 2010, sjå merknader i Om statistikken/Feilkjelder . Dei låge avlingane kjem også av mykje regn i starten av vekstperioden og under innhaustinga i store deler av landet.
Landbruksteljing 2010 - hagebrukDu finn også statistikk om hagebruk under Landbruksteljing 2010 . |
Tabeller:
Tilleggsinformasjon
Hagebruksundersøkelsen gir en oversikt over areal, avlingsnivå per arealenhet og totalavling for viktige hagebruksvekster.
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Cathrine Gran Øverby
E-post: cathrine.overby@ssb.no
tlf.: 40 85 46 03