98826_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/hagebruk/aar
98826
Svakt aukande grønsakproduksjon
statistikk
2013-05-28T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
hagebruk, Hagebruksavlingar, frukt, bær, grønsakerJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Hagebruksavlingar2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svakt aukande grønsakproduksjon

Total produksjon av grønsaker på friland i 2012 er berekna til om lag 143 100 tonn, medan produksjonen av grønsaker i veksthus var om lag 27 200 tonn.

Avling av frukt, hagebær og grønsaker. Tonn
2012Prosent endring fra
2011 - 20122007 - 2012
Frukt13 48227,90,1
Hagebær12 12118,3-2,0
Grønsaker170 2972,1-3,5

Grønsakproduksjon på friland var noko høgare i 2012 enn dei to føregåande åra, medan produksjonen i veksthus var på om lag same nivå som tidlegare.

Totalavlinga av frukt var 13 500 tonn i 2012, og ho fordelte seg på 11 400 tonn eple, 1 100 tonn plommer og 400 tonn pærer. Den samla produksjonen for morellar og kirsebær er berekna til 600 tonn. Produksjonen av bær på friland var om lag 12 100 tonn i 2012, og av dette utgjorde jordbær 9 100 tonn og bringebær 2 300 tonn.