Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auka grønsaksproduksjon
Total produksjon av grønsaker på friland blei berekna til om lag 143 600 tonn i 2013, medan produksjonen av grønsaker i veksthus var om lag 30 000 tonn.
2013* | Prosent endring | ||
---|---|---|---|
2012-2013* | 2010-2013* | ||
Frukt | 12 043 | -10,7 | -17,0 |
Hagebær | 8 710 | -27,5 | -22,5 |
Grønsaker | 173 639 | 4,9 | 4,2 |
Produksjonen av grønsaker på friland auka med 5 300 tonn frå 2012 til 2013 Produksjonen av grønsaker i veksthus auka med 2 800 tonn i same perioden. Gulrot, kepalauk og kål utgjorde høvesvis 32, 14 og 11 prosent av totalavlinga på friland, medan tomat og agurk som vanleg dominerte i veksthus.
Nedgang i eple- og pæreproduksjon
Totalavlinga av frukt var 12 000 tonn i 2013, mot 13 500 tonn året før. Produksjonen av eple gjekk ned 1 800 tonn samanlikna med året før, medan produksjonen av pære gjekk ned med 100 tonn, til 178 tonn.
I 2013 fordelte fruktavlinga seg på 9 600 tonn eple, 1 500 tonn plommer og 200 tonn pærer. Den samla produksjonen for morellar og kirsebær ble berekna til 700 tonn.
Dårleg år for bærproduksjon
Fjoråret var eit særs dårleg år for bærproduksjon på friland. Ei samla avling på 8 700 tonn innebar ein nedgang på 3 300 tonn frå året før. Jordbæravlinga blei redusert frå 600 kilo til 400 kilo per dekar, og det var også nedgang for dei andre bærslaga.
Tilleggsinformasjon
Hagebruksundersøkelsen gir en oversikt over areal, avlingsnivå per arealenhet og totalavling for viktige hagebruksvekster.
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Cathrine Gran Øverby
E-post: cathrine.overby@ssb.no
tlf.: 40 85 46 03