Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Låge fruktavlingar i 2005
Fruktavlinga i 2005 høyrer til den lågaste som nokon gong er registrert. Avlingane av grønsaker og bær låg nær det normale.
Totalavlinga av frukt er berekna til 13 700 tonn i 2005, og det er lågare enn gjennomsnittet på 16 500 tonn for dei siste ti åra. Det var mange stader eit vanskeleg år for fruktdyrking, med frostskadar i blomstringa. Produksjonen av bær på friland er berekna til om lag 12 000 tonn, til samanlikning har produksjonen dei siste ti åra variert frå 9 700 til 14 000 tonn.
Somme stader i landet hadde ein, på grunn av mykje regn, problem med innhausting av grønsaker på friland. I sum blei totalavlingane av grønsaker på friland og i veksthus likevel brukbare. Total produksjon av grønsaker er berekna til 177 500 tonn i 2005, om lag det same som i 2004.
Tabeller:
Tilleggsinformasjon
Hagebruksundersøkelsen gir en oversikt over areal, avlingsnivå per arealenhet og totalavling for viktige hagebruksvekster.
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Cathrine Gran Øverby
E-post: cathrine.overby@ssb.no
tlf.: 40 85 46 03