Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre mjølkekyr - fleire ammekyr
Frå 2005 til 2006 gjekk talet på mjølkekyr ned frå 265 200 til 259 100, medan talet på ammekyr auka frå 55 400 til 58 800. Dette tilsvarar ein nedgang i talet på mjølkekyr med 2,3 prosent og ein oppgang i talet på ammekyr med 6,1 prosent.
Dette går fram av førebelse tal frå bøndenes søknader om produksjonstilskott i jordbruket.
Samla jordbruksareal i drift endra seg lite frå 2005 til 2006 og ligg på 10,2 millionar dekar. Fulldyrka jordbruksareal viste ein svak nedgang og utgjorde 8,5 millionar dekar i 2006.
Samla kornareal gjekk noko ned frå 2005 til 2006. Medan arealet av kveite auka med 5 prosent, til 847 800 dekar, gjekk arealet av bygg ned med 7 prosent, til 1,5 millionar dekar.
Frå 2005 til 2006 auka talet på alssvin med 2 500, til 101 100. Talet på mjølkegeit gjekk ned med vel 4 prosent, til 42 500, medan talet på sau over 1 år blei redusert med 3 prosent, til 919 700.
Færre mjølkekyr og fleire alssvin
Sidan 1997 har talet på mjølkekyr blitt redusert med om lag 25 000, ein nedgang tilsvarande 7 prosent. Talet på alssvin har gått ned med 12 prosent i perioden, medan talet på mjølkegeit er redusert med ein fjerdedel.
I perioden 1997 til 2006 auka engarealet med vel 400 000 dekar eller nærare 7 prosent, til 6,52 millionar dekar. Størsteparten av auken skuldast større areal av innmarksbeite: frå 1,08 til 1,45 millionar dekar.
Arealet av åker og hage gjekk ned med knapt 8 prosent til 3,67 millionar dekar i tiårsperioden. Kornarealet har vore stabilt og lege ikring 3,1-3,2 millionar dekar. Potetarealet blei redusert med 21 prosent i den same perioden. Det var og ein kraftig reduksjon i arealet av grønfôr- og silovekstar, og arealet er meir enn halvert.
Økologisk drift
I 2002 dreiv 1 400 av i alt 58 600 jordbruksbedrifter økologisk. Desse bedriftene dreiv 2,3 prosent av det totale jordbruksarealet. I 2006 var det 2 100 bedrifter med økologisk drift, og desse dreiv eit areal på 372 900 dekar. Dette tilsvarar 3,7 prosent av totalt jordbruksareal i drift.
På dei økologisk drivne einingane var det til saman 23 000 storfe i 2006. Av desse var 6 000 mjølkekyr og 3 400 ammekyr. Dette er om lag dobbelt så mange som i 2002, da det fanst 3 100 økologiske mjølkekyr og 1 300 økologiske ammekyr. Talet på økologiske mjølkegeiter auka frå 800 i 2002 til vel 1 000 i 2006.
Tabeller:
- Tabell 1 Jordbruksareal, etter bruken.1997-2006*.
- Tabell 2 Husdyr, 1997-2006*.
- Tabell 3 Jordbruksareal, etter fylke og bruken av arealet
- Tabell 4 Jordbruksbedrifter med økologisk drift og økologisk godkjent drive jordbruksareal . 2002-2006*
- Tabell 5 Husdyrhald på økologisk drive jordbruksbedrifter. 2002-2006*
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42