9461_om_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordbruksareal/aar
9461_om
statistikk
2006-11-27T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri;Natur og miljø
no
false

Jordbruksareal og husdyr (opphørt)31. juli 2006, førebelse tal

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Jordbruksareal og husdyr (opphørt)
Emne: Jord, skog, jakt og fiskeri

Ansvarleg seksjon

Seksjon for primærnæringsstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Ikkje relevant

Standard klassifikasjonar

Ikkje relevant

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Fylke. Kommune.

Kor ofte og aktualitet

Årlig.

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Mikrodata blir lagra i SSB.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet er å kartleggje bruken av jordbruksareal i drift og husdyrhald på kommunenivå. Opplysningar frå registeret over søknadar om produksjonstilskott i jordbruket har vore nytta som datagrunnlag sidan 1984.

Brukarar og bruksområde

Statistikken blir i stor grad nytta av offentlege verksemder og næringsorganisasjonane i jordbruket.

Samanheng med annan statistikk

Ikkje relevant

Lovheimel

Statistikkloven §§2-1, 3-2.

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Statistikken omfattar alle som søker om produksjonstilskott i jordbruket per 31. juli. Det blir berre gitt eitt produksjonstilskott per jordbruksbedrift. Alle landbrukseigedomar som blir drive av same brukar blir rekna som ei jordbruksbedrift.

Datakjelder og utval

Registeret over alle som søker om produksjonstilskott i jordbruket frå Statens landbruksforvaltning er grunnlaget for utarbeiding av statistikken.

Datainnsamling, editering og beregninger

Elektronisk, frå registeret over Søknader om produksjonstilskott i jordbruket.

Det blir gjennomført maskinelle kontrollar av registreringsfeil, dublettar og observasjonar med store endringar frå tidlegare søknadsomgangar.

Konfidensialitet

Tal blir ikkje offentleggjort dersom dei kan medføre fare for at einskilde jordbruksbedrifter blir identifisert.

Samanlikningar over tid og stad

Statistikken går attende til 1984 og omfattar dei som søker om produksjonstilskott i jordbruket. For å få produksjonstilskott må ein søkar drive vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar. Frå og med 2002 blei det og stilt krav om at verksemda må vere registrert i Enhetsregisteret.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Kvart år blir oppgåvene til om lag 5 prosent av jordbruksbedriftene som søker om produksjonstilskott kontrollert ved at dei kommunale landbrukskontora foretar gardsbesøk. Det er derfor god kvalitet på oppgåvene.