444748_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/landt/hvert-10-aar
444748
statistikk
2021-04-27T08:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
landt, Landbruksteljing, jordbruksbedrifter, arbeidsinnsats, årsverk, tilleggsnæringar, jordbruksareal, fulldyrka eng, husdyrgjødsel, drenering, vanningsanlegg, personlege brukarar, veksthus, planteskolar, hagebruk, leigeforhold, investeringar.Landbrukstellinger , Jord, skog, jakt og fiskeri
true

Landbruksteljing

Oppdatert

Neste oppdatering

Foreløpig ikkje fastsett

Nøkkeltall

63 %

mjølkekyr i løsdriftfjøs

Jordbruksbedrifter med dyreplassar i bruk for storfe. 2020
Jordbruksbedrifter med dyreplassar i brukDyreplassar i brukDyreplassar i båsfjøs (prosent)Dyreplassar i løsdriftfjøs (prosent)Dyreplassar i anna husdyrrom/utegang (prosent)
Mjølkekyr7 130212 8003663:
Ammekyr5 930106 00024678
Andre storfe12 900563 60030665

Se utvalgte tabeller fra denne statistikken

Tabell 1 
Jordbruksbedrifter med dyreplassar i bruk for storfe, etter fylke og husdyrslag. 2020

Jordbruksbedrifter med dyreplassar i bruk for storfe, etter fylke og husdyrslag. 2020
Jordbruksbedrifter med dyreplassar i brukDyreplassar i brukDyreplassar i båsfjøs (prosent)Dyreplassar i løsdriftfjøs (prosent)Dyreplassar i anna husdyrrom/utegang (prosent)
Heile landet
Mjølkekyr7 130212 8003663:
Ammekyr5 930106 00024678
Andre storfe12 900563 60030665
Oslo og Viken
Mjølkekyr39013 8002376:
Ammekyr67014 50078210
Andre storfe1 03045 60015769
Innlandet
Mjølkekyr1 35037 3004257:
Ammekyr1 28027 10025669
Andre storfe2 500113 20030646
Vestfold og Telemark
Mjølkekyr1304 4001981:
Ammekyr3306 90038610
Andre storfe48019 70011809
Agder
Mjølkekyr2806 5005346:
Ammekyr4607 10018739
Andre storfe74022 40032626
Rogaland
Mjølkekyr1 12039 5003564:
Ammekyr94015 10041546
Andre storfe1 850100 20033634
Vestland
Mjølkekyr1 09024 9004654:
Ammekyr5304 900325711
Andre storfe1 81053 30037603
Møre og Romsdal
Mjølkekyr64018 8004060:
Ammekyr3304 70029647
Andre storfe1 04042 30033652
Trøndelag - Trööndelage
Mjølkekyr1 41046 9003069:
Ammekyr91017 20026686
Andre storfe2 290115 00029692
Nordland
Mjølkekyr47013 8002872:
Ammekyr3707 10035578
Andre storfe81037 70032644
Troms og Finnmark - Romsa ja Finnmárku
Mjølkekyr2506 8003961:
Ammekyr1001 300404119
Andre storfe36014 10040555

Tabell 2 
Jordbruksbedrifter med dyreplassar i bruk for svin, etter fylke. 2020

Jordbruksbedrifter med dyreplassar i bruk for svin, etter fylke. 2020
Jordbruksbedrifter med dyreplassar i bruk for svinDyreplassar i bruk for svinI rom der delar av golvet er spaltegolv (prosent)I rom med heildekkande tett golv (prosent)I rom der heile golvet er dekka av djupstrø (prosent)I utedrift (prosent)
Heile landet1 920537 600761571
Oslo og Viken22066 7006813191
Innlandet370106 800771482
Vestfold og Telemark16054 10062927:
Agder709 20091:::
Rogaland520144 100898::
Vestland14021 50089:::
Møre og Romsdal5011 00086:::
Trøndelag - Trööndelage28093 8006336:1
Nordland8028 0007520::
Troms og Finnmark - Romsa ja Finnmárku::::::

Tabell 3 
Brutto mengde husdyrgjødsel i lager, etter husdyrslag og type lager. Tonn totalt nitrogen. 2020

Brutto mengde husdyrgjødsel i lager, etter husdyrslag og type lager. Tonn totalt nitrogen. 2020
Mengde i lager i altGjødselkjellar for blautgjødselMed flyterenne for blautgjødselGjødselkum/lagune for blautgjødselInnandørs talle/djupstrøUtandørs talle/utegardFastgjødsel utandørs direkte på bakkenFastgjødsel utandørs på tett botnplateGjødselkjeller for fastgjødselLandkum/landtankIkkje eiga lager for husdyrgjødsel
Mjølkekyr20 22412 7955296 54263:44:16767:
Ammekyr5 2552 617888336952045121442910727
Andre storfe20 62812 8535154 92689423863019013921230
Svin6 4273 3061832 43011815183:10051:
Sauer7 0613 660:8690633749634151 343177
Geiter609378::41209::1542
Hestar72174:4428733756:6952
Slaktekyllingar, Ender, kalkuner og gjess for slakt2 450:::571511 232244:179493
Verpehøner, 20 uker og eldre3 129113:22015453699406:1 131329

Tabell 4 
Jordbruksbedrifter og areal med bruk av spreieutstyr for husdyrgjødsel, etter fylke. 2020

Jordbruksbedrifter og areal med bruk av spreieutstyr for husdyrgjødsel, etter fylke. 2020
Jordbruksbedrifter med bruk av spreieutstyr i altDirekte nedfellingBreispreiar med tankvognBreispreiar med slepeslangerStripespreiar med tankvognStripespreiar med slepeslangarTank-/vatningsvogn med kanonGjødselvogn med spreievalsar for fastgjødselSpreieutstyr brukt på jordbruksareal i alt (dekar)Direkte nedfelling (dekar)Breispreder med tankvogn (dekar)Breispreiar med slepeslanger (dekar)Stripespreiar med tankvogn (dekar)Stripespreiar med slepeslangar (dekar)Tank-/vatningsvogn med kanon (dekar)Gjødselvogn med spreievalsar for fastgjødsel (dekar)
Heile landet23 38063016 1101 5608502 2701 6205 2503 845 60052 5002 403 500212 500153 000576 800109 700337 600
Oslo og Viken1 8509076090110290:790316 9008 90094 30014 10025 80088 400:84 200
Innlandet4 2401202 91032021049090960645 90012 300381 10042 60029 500105 1006 10069 100
Vestfold og Telemark820203304070100:370125 3005 20035 40012 00016 70031 300:22 700
Agder1 20050850:603070220136 8005 800108 400:8 5002 5004 1006 300
Rogaland3 350402 62017090360680550620 1002 800401 20024 70021 40090 50048 50031 100
Vestland4 090902 52062090350580960381 9001 700209 80057 2005 70055 30028 70023 500
Møre og Romsdal1 770:1 390120309040340299 000:233 70020 2006 40024 5003 1009 600
Trøndelag - Trööndelage3 890903 04011014039080690870 8006 600593 50025 90025 900131 70010 90076 300
Nordland1 450301 19050:14040220314 9001 200247 20011 200:40 6003 6009 200
Troms og Finnmark - Romsa ja Finnmárku71050510203020:150134 0006 60098 8003 40011 3006 900:5 700

Tabell 5 
Jordbruksbedrifter med bruk av gjødsel og gjødsla jordbruksareal, etter fylke. 2020

Jordbruksbedrifter med bruk av gjødsel og gjødsla jordbruksareal, etter fylke. 2020
Jordbruksbedrifter med jordbruksareal i driftMed bruk av mineralgjødselMed bruk av husdyrgjødselMed bruk av annan organisk gjødselJordbruksareal i drift (dekar)Gjødsla minst ein gong med mineralgjødsel (dekar)Gjødsla minst ein gong med husdyrgjødsel (dekar)
Heile landet36 98033 52023 3801 0709 808 3007 606 7003 848 800
Oslo og Viken6 0805 6701 8502902 036 9001 735 100311 700
Innlandet6 7006 2804 2401402 004 1001 622 500651 900
Vestfold og Telemark2 4202 140820110632 800513 400122 100
Agder1 6801 4401 20070305 800225 800133 500
Rogaland3 7803 6403 35030991 400736 900634 600
Vestland5 6804 8804 090110823 900489 000380 000
Møre og Romsdal2 3202 0701 77050499 600379 600297 100
Trøndelag - Trööndelage5 3904 8303 8902001 635 4001 251 700871 400
Nordland1 8201 5201 45050542 700387 300314 100
Troms og Finnmark - Romsa ja Finnmárku1 1001 040710:335 800265 300132 500

Om statistikken

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Jordbruksbedrift: Verksemd med jordbruksdrift inkludert husdyrhald og hagebruk. Bedrifta omfattar alt som blir drive som ei eining under ei leiing og med felles bruk av produksjonsmidlar, og er uavhengig av kommunegrensar.

Brukar(ane): Den/dei som er ansvarleg for jordbruksdrifta. I Bedrifts- og føretaksregisteret vil brukaren vere registrert som innehavar av enkeltmannsføretak, eller som eigar eller deltakar i eit selskap.

Jordbruksareal i drift: Omfattar alt eige og leigd/forpakta jordbruksareal i drift i bedrifta, medrekna eittårig brakk. Som jordbruksareal vert rekna fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.

Jordbruksareal i drift etter kommunen der arealet fysisk ligg. Ei jordbruksbedrift kan drive jordbruksareal i fleire kommunar. Jordbruksareal i drift har sidan 1984 i hovudsak blitt publisert etter den kommunen jordbruksbedrifta sitt driftssenter ligg. Jordeige og -leige på tvers av kommunegrenser gjer at ein då ikkje viser ein kommune sitt faktiske jordbruksareal i drift. Med omgrepet ´´Jordbruksareal i drift etter kommunen der arealet fysisk ligg´´ viser ein jordbruksarealet tilhøyrande kvar einskild kommune.

Leigejord. Jordbruksareal der eigar og brukar av arealet er forskjellige personar, inklusive ikkje-fysiske personar. Jordleige er uavhengig av om det vert ytt godtgjersle eller ikkje til eigaren, såleis inngår også jordbruksareal eigd av andre og som brukar disponerer gratis. Både forpakting av heile eigedomar og leige av tilleggsjord til eigen eigedom reknast som jordleige. Dersom ektefelle til brukar er eigar, reknast arealet som eigd. Dersom deltakar i samdrift eig areal som er i drift på samdrifta, reknast arealet som eigd. Eit leigeforhold refererar seg til ein landbrukseigedoms hovudnummer. Dersom ein brukar av ei jordbruksbedrift har inngått fleire leigeavtaler på same eigedom, reknast dette som eitt leigeforhold. På den andre sida kan eigar av ein eigedom leige ut areal til fleire jordbruksbedrifter, og dette blir rekna som eitt leigeforhold på kvar av bedriftene.

Årsverk. I datafangsten vart arbeidsinnsatsen kartlagt som timeverk. Over tid er timar per årsverk endra. Ved omrekning til årsverk, er det nytta 1875 timar per årsverk for 1999 og 1845 timar for 2010 og 2020.

Andre landbruksbaserte næringar vart tidlegare kalla "Tilleggsnæring" og er aktivitetar som vert drive på jordbruksbedrifta. Aktiviteten skal vere basert på jordbruksbedrifta sine ressursar (areal, bygningar, maskinar og/eller produkt/råvarer), og kan vere av både stort og lite omfang.

Veksthus: Rom der ein kan gå inn utan å måtte fjerne glas- eller plastdekke. Rom med lågare takhøgde blir rekna som vekstbenkar og skal ikkje reknast med som veksthus.

Planteskule: Verksemd med oppal av prydplanter, frukttre eller bærbuskar. Skogplanteskuler er ikkje omfatta av teljinga.

Standard klassifikasjonar

I tabellane blir følgjande grupperingar nytta: Fylke, driftsform og jordbruksareal i drift på jordbruksbedrifta.

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Landbruksteljing
Emne: Jord, skog, jakt og fiskeri

Ansvarleg seksjon

Seksjon for eiendoms-, areal- og primærnæringsstatistikk

Regionalt nivå

Kommunenivå. Andre regionar på lågare nivå kan vere aktuelt dersom dette ikkje kjem i konflikt med konfidensialitetsomsyn.

Kor ofte og aktualitet

Fullstendige teljingar har blitt gjennomført omlag kvart tiande år sidan byrjinga av 1900-talet. Alle landbrukseigedommar og jordbruksbedrifter er omfatta av teljinga i 2010 og 2020.

Internasjonal rapportering

Informasjon vert sendt til EU sitt statistiske kontor (Eurostat) etter spesifikasjonar gitt i rådsforordninga. Resultater blir også inngå i dataleveranser til FN sin organisasjon for ernæring og landbruk (FAO).

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Avidentifisert fil med skjemadata og registerdata vil bli arkivert i SSB.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med teljinga er å gi ein oversikt over ressurs- og produksjonsgrunnlag og driftsmessige, miljømessige og økonomiske forhold innan jordbruksnæringa. I tillegg skal teljinga gi ein historisk oversikt over utviklinga, og korleis landbruket i Norge vert drive.

Landbruksteljinga vert finansiert med eigne midlar i SSBs budsjett.

Brukarar og bruksområde

Viktige brukarar av resultata er ulike forvaltningsorgan, landbruksstyresmaktene og landbruksorganisasjonane. Data vert nytta i planleggjing, utgreiingar, støtte for å fatte vedtak, forsking med meir. Datagrunnlaget er eit særdeles viktig bidrag i jordbruksforhandlingane mellom Staten og næringsorganisasjonane i landbruket.

Ei fullteljing gir høve til å formidle tal på mindre geografiske område enn det som er tilfelle med utvalsundersøkingar. Dette gjev eit betre datagrunnlag for kommunal forvaltning og for å vurdere utviklinga på mindre regionar enn fylke.

Likebehandling av brukere

Ikkje relevant

Samanheng med annan statistikk

Landbruksteljinga er nært knytta til fleire av statistikkane som vert publisert årleg. I arbeidet med landbruksteljinga vil ein legge til rette for å sjå fleire av statistikkane i samanheng.

Lovheimel

Statistikkloven §§2-1, 2-2, 2-3 (tvangsmulkt).

EØS-referanse

Rådsforordning nr 2018/1091 ݒ Strukturundersøkingar i jordbruket.

Produksjon

Omfang

Landbruksteljinga omfattar alle landbrukseigedommar og jordbruksbedrifter over eit visst minimum i storleik.

Ein landbrukseigedom er eigedom med minst 25 dekar produktiv skogareal og/eller minst 5 dekar jordbruksareal. Ei jordbruksbedrift vert definert som ei bedrift med minst 5 dekar jordbruksareal i drift og/eller eit visst minimum av husdyrhald.

Hagebrukseiningar omfattar einingar med minst 2,0 dekar grønsaker på friland, minst 1,0 dekar frukttre (50 frukttre i 1979 og 1989), minst 1,0 dekar bær på friland, minst 300 m 2 veksthusareal eller minst 1,0 planteskule.

Alle opplysningar om brukarar, eigarar og eigedommar vert henta frå ulike register. Nokre opplysningar frå jordbruksbedriftene vert henta inn på eige skjema (sjå lenke til skjema her: http://www.ssb.no/lt2010/ ).

Datakjelder og utval

Datatilfanget er todelt.

Alle jordbruksbedrifter skal fylle ut eit skjema med spørsmål om arbeidsinnsats, andre næringar basert på jordbruksbedrifta sine ressursar, drenering, vatning og bruk av husdyrgjødsel.

I tillegg vert ei rekkje register nytta, som til dømes:

  • Landbruksregisteret
  • Søknadar om produksjonstilskott i jordbruket
  • Leveranseregisteret for korn- og oljevekstar
  • Leveransar av slakt
  • Virksomhets- og føretaksregisteret
  • Matrikkelen
  • Utdanningsregisteret
  • Likningsdata
  • A-ordninga

Landbruksteljinga er ei fullteljing, men for å kunne frigi førebels tal på eit tidleg tidspunkt, er det trekt eit utval av alle innsende skjema. Utvalet er på 7 850 jordbruksbedrifter. Utvalet blir stratifisert utifrå storleiken på jordbruksareal og driftsform innan kvart fylke.

 

Datainnsamling, editering og beregninger

Skjema vart sendt ut til dei jordbruksbedriftene som er med i populasjonen. Opplysningar vart samla inn via Altinn. Telledato for teljinga var 1. oktober 2020. Opplysningar om arbeidsinnsats vart samla inn for perioden 1. oktober 2019 til 30. september 2020. 

Opplysningar som vert henta frå register, vert samla inn av fleire ulike seksjonar i SSB.

Det blir gjort ei rekkje kontrollar og rettingar for å sikre konsistensen både innan eit enkelt skjema og mellom skjema og tilgjengelege registeropplysningar. Det vart og nytta eit automatisk editeringssystem for å kontrollere, rette og imputere manglande verdiar. Systemet imputerte etter logiske kontrollar, gjennomsnittsverdiar, proporsjonal frekvensfordeling og etter "næraste nabo"-prinsippet (imputering av verdiar frå ei bedrift som er svært lik bedrifta som vert editert).

I ei fullteljing er utrekningane relativt enkle med oppteljing, gruppering av variablar og krysstabulering av variablar.

I utvalet (nytta ved førebels tal) vert populasjonen gruppert etter fylke, arealstorleik og driftsform. Kvar bedrift får berekna ei vekt ved estimeringa av totalar. Sjå elles 3.3. Utvalg

Omrekningar av energiinnhald til kWh i 2010 er basert på faktorar som er omtalt i Om statistikken til Energibalanse og energirekneskap, sjå http://www.ssb.no/emner/01/03/10/energiregn/

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Resultat frå undersøkinga vert undertrykt ved publisering dersom det er for få observasjonar bak resultata, eller at resultat kan sporast tilbake til enkeltbedrifter.

Samanlikningar over tid og stad

Det har blitt gjennomført fullstendige teljingar innan jord- og skogbruk sidan 1907.

Tidsseriane kan ikkje utan vidare trekkast så langt tilbake, men statistikken er stort sett samanliknbar tilbake til slutten av 1940-åra. For nokre variablar vil det vere eit brot i tidsserien. Frå 1999 blei alt som blir drive som ei eining uavhengig av kommunegrenser rekna som ei jordbruksbedrift. Før 1999 var den statistiske eininga for jordbruksbedrift avgrensa til å vere alt i ein kommune.

Publikasjonane frå teljingane gir meir informasjon om brot i tidsseriar mv. Ei lenke til alle publikasjonar frå tidlegare teljingar er tilgjengeleg her: http://www.ssb.no/lt2010/

Spørsmål om utanlandsk arbeidskraft i 2010 omfattar fleire typar av arbeidskraft enn i 1999. Då vart utanlandsk arbeidskraft avgrensa til "gjestearbeidarar som er i landet i kortare tidsperiodar og som deltok i t.d. innhaustingsarbeid." Spørsmålet i 1999 vart elles berre stilt til dei med hagebruksproduksjon. Omfanget av utanlandsk arbeidskraft har auka kraftig sidan 1999, og det er grunn til å tru at utanlandsk arbeidskraft i 1999 stort sett omfatta berre personar som var i landet i kortare periodar. Ein bør likevel vere litt varsam ved samanstilling av tala for 1999 og 2010.

Spørsmål om andre næringar vart stilt første gong i 1999. På desse elleve åra har merksemda kring andre næringar auka, samstundes som at utforming av spørsmåla har blitt justerte. Dette kan ha hatt innverknad på nokre av resultata, slik at auken som går fram av tala for t.d. "utleige av jakt- og fiskerettar" ikkje er reell. Tala for 1999 er truleg for lave.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Primærdata er henta frå skjema som oppgåvegivarane fyller ut. Skjema kan innehalde feil som den enkelte oppgåvegivar gjer i utfyllinga. Mange av feila vert oppdaga og retta i gjennomgangen i SSB.

Alle undersøkingar vil vere hefta med målefeil, dvs. at den som rapporterer ikkje kjenner den eksakte verdien som det vert stilt spørsmål om, eller at spørsmålet blir misforstått.

Eit automatisk imputeringsprogram har blitt nytta i editeringa, og her kan det oppstå feil. Imputeringa er likevel gjort slik at systematiske feil skal unngåast, og datamaterialet er kontrollert etter den automatiske editeringa.

I registerdataene vil det og kunne vere måle- og handsamingsfeil. Ikkje alle dataene i registra går inn i saksførebuinga hos registereigar, og vert difor ikkje kontrollert inngåande. Så langt det er råd, rettar SSB også i registeropplysningar. SSB har og oversikt over korleis registerdata vert kontrollert hos registereigar.

I 2010 vart det stilt spørsmål om bruk av utanlandsk arbeidskraft, men omgrepet "utanlandsk" var ikkje definert. Det vil seie at oppgåvegivarane kan ha forstått spørsmålet på litt ulike måtar. I tillegg til utanlandske statsborgarer som er i Noreg for ein tidsavgrensa periode på grunn av eit arbeidsforhold, kan òg utanlandske statsborgarar som er meir permanent busett i Noreg og innvandrarar med norsk statsborgarskap ha blitt tekne med. For 2020 vil ein nytte opplysninger i a-ordninga kan nyttast til å gi statistikk om dette temaet. 

 

Då siste svarfrist gjekk ut, hadde 98 prosent svara på skjema. Verdiar for dei som ikkje har svara, vert imputert ut frå andre kjende opplysningar (register, andre undersøkingar) og ut frå andre statistiske imputeringsmåtar.

Partielt fråfall vert retta opp anten manuelt eller maskinelt. Ei rekkje automatiske kontrollar vert gjennomført saman med ulike imputeringsmåtar (jf. 3.5.)

Utvalsfeil er i utgangspunktet ikkje relevant ved ei fullteljing. Ved publisering av førebels tal, kan det oppstå utvalsfeil. Historia viste at utvalet som vart nytta til publisering av førebels tal ikkje var godt nok til å fange opp spesialisering og dynamikk i populasjonen. Dei endelege tala for arbeidsinnsats vart lavare enn det t.d. standardavviket skulle tilseie.

Registerfeil: Kvaliteten på registergrunnlaget for etablering av populasjon kan ha noko å seie for kvaliteten på det ferdige resultatet. Kvaliteten på registergrunnlaget er rekna som særs god, og det vart arbeidd mykje med å etablere ein fulldekkande populasjon.

Alle data om sivil status er henta frå register. Registra fangar ikkje opp alle sambuarformer, slik at det kan vere avvik mellom skjemaopplysningar og register. T.d. kan det vere ført arbeidsinnsats for både brukar og ev. ektefelle, sambuar eller partnar utan at dette er registrert i registra. Ved formidling har vi valt å halde oss strengt til registra som gjer det mogleg å kople andre opplysningar til personane.

Det kan oppstå feil i dataoverføring frå papir til elektronisk medium (skanning/verifisering).

Revisjon

Ikkje relevant

Kontakt