54107_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/lu/aar-endelige
54107
Auka investeringar i driftsbygningar
statistikk
2011-03-17T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
lu, Landbruksundersøkinga, jordbruk, hagebruk, skogbruk, gardsbruk, tilleggsnæringar (for eksempel campingplassar, jakt- og fiskerettar, utleigeverksemd), arbeidsinnsats, vedlikehald, maskinar og reiskapar, energibruk, investeringarJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Landbruksundersøkinga2009, endelege tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka investeringar i driftsbygningar

Investeringane i driftsbygningar i jord- og hagebruk auka frå 2,7 til 3,4 milliardar kroner frå 2005 til 2008.

Gjennomsnittleg investeringsbeløp i driftsbygningar var snautt 500 000 kroner, og det var 14 prosent av jordbruksbedriftene som investerte. Investeringar i maskinar og reiskap utgjorde 2,8 milliardar kroner i 2008. 31 prosent av jordbruksbedriftene investerte i maskinar og reiskap, og gjennomsnittleg blei det investert 185 000 kroner per jordbruksbedrift som investerte.

Desse tala skil seg lite frå førebelse tal frå Landbruksundersøkinga .

Det totale forbruket av elektrisk energi gjekk ned frå 1,14 til 1,11 millionar kilowattimar (kWh) frå 2005 til 2008. Rekna per jordbruksbedrift auka forbruket av elektrisk energi frå 24 000 kWh til 26 000 kWh. I same perioden auka dieselforbruket per jordbruksbedrift frå 2 700 til 3 000 liter. Energibruk i veksthus er ikkje inkludert i statistikken.

Tabeller: