Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nær halve åkerarealet blei haustpløgd
Nær halvparten av åkerarealet i 2010 blei pløgd hausten 2009. Ein like stor del blei pløgd våren 2010.
Av korn- og oljevekstarealet i 2010 blei 47 prosent pløgd i våronna, medan 47 prosent blei pløgd føregåande haust. Dei resterande 6 prosenta blei harva utan pløying hausten 2009.
Hausten 1989 blei 82 prosent av arealet av korn og oljevekstar pløgd, og etter ein markert nedgang tidleg på 1990-talet, låg delen haustpløgd areal på 54-56 prosent resten av tiåret. I byrjinga av 2000-talet lå delen haustpløgd areal på 43 til 45 prosent. Generelt vil areal med vegetasjonsdekke eller areal som ikkje er haustpløgd, vere mindre utsett for erosjon og næringssaltavrenning enn areal som er jordarbeidd. Dette gjeld særleg på areal med høg naturleg erosjonsrisiko. Eit viktig tiltak for å redusere forureining frå jordbruket, er nettopp å erstatte haustpløying av kornareal med jordarbeiding om våren.
For anna areal av open åker enn korn- og oljevekstar utgjorde det haustpløgde arealet 53 prosent. 7 prosent av arealet blei haustharva, medan 40 prosent blei jordarbeidd berre om våren.
Om lag 10 prosent av det fulldyrka engarealet blei fornya hausten 2009 eller våren 2010. I tillegg blei det nyetablert knapt 2 prosent eng i same perioden.
Vel halvparten av grovfôrarealet blei beita i 2010. Gjennomsnittleg beitetid varierte frå 14 veker for mjølkeku på beite til 20 veker for geit.
4 prosent av jordbruksarealet blei vatna
I 2010 blei om lag 4 prosent eller 430 000 dekar jordbruksareal vatna. Av dette utgjorde kornareal 156 000 dekar og engareal 140 000 dekar. 60 000 dekar potetareal blei vatna, tilsvarande 43 prosent av totalt potetareal. Vatna areal av grønsaker var 51 000 dekar, eller 77 prosent av grønsakarealet i 2010.
Tema for Landbruksundersøkinga 2011 er produksjonsmetodar, og undersøkinga inneheld også opplysningar om innreiing for ulike typer husdyr, gjødsellagere og lagringskapasitet for husdyrgjødsel. |
Tabeller:
- Tabell 1 Jordarbeiding på areal av open åker, etter fylke og storleik på areal av open åker
- Tabell 2 Fornying og nyetablering av fulldyrka eng hausten 2009 eller våren 2010, etter region og storleiken på areal av fulldyrka eng
- Tabell 3 Vatning av jordbruksareal, etter landsdel og storleik på jordbruksareal i drift. 2010
- Tabell 4 Beiting på jordbruksareal. 2010
- Tabell 5 Jordbruksbedrifter med ulike typar gjødsellager, etter landsdel og storleiken på jordbruksareal i drift
- Tabell 6 Jordbruksbedrifter med dyreplassar for storfe, etter landsdel og talet på storfe. 2010
- Tabell 7 Jordbruksbedrifter med dyreplassar for verpehøner, etter landsdel og talet på verpehøner. 2010
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Cathrine Gran Øverby
E-post: cathrine.overby@ssb.no
tlf.: 40 85 46 03