Innhald
Om statistikken
Omgrep
-
Namn og emne
-
Namn: Landbruksundersøkinga
Emne: Jord, skog, jakt og fiskeri
-
Ansvarleg seksjon
-
Seksjon for eiendoms-, areal- og primærnæringsstatistikk
-
Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane
-
Jordbruksbedrift: Verksemd med jordbruksdrift inkludert husdyrhald og hagebruk. Bedrifta omfattar alt som blir drive som ei eining under ei leiing og med felles bruk av produksjonsmidlar, og er uavhengig av kommunegrenser. Til og med 2003 blei omgrepet driftseining nytta.
Brukar(ane): Den/dei som er ansvarleg for jordbruksdrifta. I Virksomhets- og foretaksregisteret vil brukaren vere registrert som innehavar av enkeltmannsføretak, eller som eigar eller deltakar i eit selskap.
Jordbruksareal i drift: Omfattar alt eige og leigd/forpakta jordbruksareal i drift i bedrifta, medrekna eittårig brakk. Som jordbruksareal reknast fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.
Tilleggsnæring: Ein aktivitet som utnyttar areal, bygningar eller maskinar som høyrer til jordbruksbedrifta.
Bruttoinntekt: Summen av alle inntektene utan mva. før det er trekt frå kostnader.Standard omsetning: Standard omsetning (SO) for plante- og husdyrprodukt er verdien av produkta basert på produsentpris. SO blir berekna på regionalt nivå per dekar og per dyr som gjennomsnittsverdiar over ein referanseperiode på fem år. SO er eksklusive direkte tilskott, meirverdiavgift og skattar/avgifter på produkta.
-
Standard klassifikasjonar
-
Fylke, landsdel, standard omsetning og driftsform.