Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stabile investeringar i jordbruket
I 2011 blei det investert 3,7 milliardar kroner i driftsbygningar og 3,0 milliardar i maskiner og reiskap i jord- og hagebruk. Målt i faste kroner gir dette ein auke på drygt 2 prosent frå 2008.
SSB har berekna at om lag 15 prosent av jordbruksbedriftene investerte i driftsbygningar i 2011, ein auke på 1 prosentpoeng frå 2008. Rekna om til prisnivået i 2011 var gjennomsnittleg investert beløp per bruk 531 000 kroner i 2011, mot 525 000 kroner i 2008 og 450 000 i 2005.
Driftsforma storfe mjølkeproduksjon sto for 29 prosent av dei samla investeringane i driftsbygningar. Rekna per bedrift med investering var det driftsforma svin og fjørfe som låg høgast, med 1,1 millionar kroner. Minst investering per bedrift fann ein innafor driftsformene sau samt korn- og oljevekstar.
1,1 milliardar til vedlikehald
Omkring 82 prosent av jordbruksbedriftene hadde utgifter til vedlikehald av driftsbygningar i 2011. Utgiftene utgjorde i alt 1,1 milliardar kroner, og det svarar til drygt 29 000 kroner per jordbruksbedrift med utført vedlikehald.
Uendra nivå på investering i maskiner og reiskap
I 2011 blei det investert 3,0 milliardar kroner i maskiner og reiskap for jord- og hagebruk. Om lag ein tredjedel av bedriftene investerte i nye eller brukte maskiner og reiskap. I 2008 og 2005 investerte respektive 31 og 29 prosent av bedriftene. Gjennomsnittleg blei det investert for 212 000 kroner per bedrift blant dei som investerte i 2011. Tilsvarande tal for 2008 og 2005, omrekna til 2011-kroner, var høvesvis 196 000 og 194 000 kroner.
Leasing aukar
Totalt betalte jordbruksbedriftene om lag 704 millionar kroner i leasingleige i 2011, mot 646 millionar kroner i 2008. Gjennomsnittleg betalt leasingleige var 98 000 kroner per bedrift med leasing, mot 91 000 i 2008.
Samla energiforbruk ned
Det totale forbruket av elektrisk energi, så vel som det gjennomsnittlege forbruket per bedrift, gjekk ned frå 2008 til 2011. I 2011 blei det brukt 1,03 milliardar kWh, medan det i 2008 blei brukt 1,11 milliardar kWh. Rekna per jordbruksbedrift blei det i 2011 brukt 24 000 kWh, mot 26 000 i 2008.
Det totale forbruket av diesel i jord- og hagebruk var 128 millionar liter i 2011, som er ein auke på 900 000 liter frå 2008. Forbruket av diesel per jordbruksbedrift har vore tilnærma uendra sidan 2008 - 3 000 liter i 2011. Energiforbruket er da ikkje korrigert for bedrifter med manglande opplysningar, og energiforbruk i veksthus er ikkje inkludert.
Tabeller:
- Tabell 1 Jordbruksbedrifter med investering i driftsbygningar for jord- og hagebruk. 1988, 1997, 2001, 2005, 2008 og 2011
- Tabell 2 Investering i driftsbygningar for jord- og hagebruk. 1988, 1997, 2001, 2005, 2008 og 2011. Faste 2011-kroner
- Tabell 3 Jordbruksbedrifter med investering i driftsbygninger for jord- og hagebruk etter driftsform. 2011
- Tabell 4 Vedlikehald av driftsbygninger for jord- og hagebruk. 2001, 2005, 2008 og 2011. Faste 2011-kroner
- Tabell 5 Jordbruksbedrifter med investering i maskiner og reiskap for jord- og hagebruk. 1988, 1997, 2001, 2005, 2008 og 2011
- Tabell 6 Investering i maskiner og reiskap for jord- og hagebruk 1988, 1997, 2001, 2005, 2008 og 2011. Faste 2011-kroner
- Tabell 7 Forbruk av elektrisk energi i jordbruk. Ekskl. veksthus. 2001, 2005, 2008 og 2011
- Tabell 8 Forbruk av diesel i jordbruk. Ekskl. veksthus. 2001, 2005, 2008 og 2011
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Cathrine Gran Øverby
E-post: cathrine.overby@ssb.no
tlf.: 40 85 46 03