133030_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/lu/aar-forelopige
133030
Færre timar i jordbruket
statistikk
2014-01-03T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
lu, Landbruksundersøkinga, jordbruk, hagebruk, skogbruk, gardsbruk, tilleggsnæringar (for eksempel campingplassar, jakt- og fiskerettar, utleigeverksemd), arbeidsinnsats, vedlikehald, maskinar og reiskapar, energibruk, investeringarJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Landbruksundersøkinga2012/2013, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre timar i jordbruket

I alt vart det utført 88,3 millionar timar arbeidsinnsats i norsk jordbruk frå 1. mars 2012 til 28. februar 2013. Det er 6,2 millionar færre timeverk enn tre år tidlegare.

Arbeidsinnsats i jordbruket
20102013Endring i prosent
2010-2013
Jordbruksbedrifter, antall46 62443 525-6,6
Arbeidsinnsats, 1000 timeverk94 53888 291-6,6
Gjennomsnittlig arbeidsinnsats per jordbruksbedrift, timeverk/jordbruksbedrift2 0282 0290,0

I takt med nedgangen i talet på jordbruksbedrifter gjekk arbeidsinnsatsen i norsk jordbruk ned med 6,2 millionar timeverk frå 2009/2010 til 2012/2013. Målt i årsverk, svarar dette til ein reduksjon frå 51 200 til 47 900 på tre år. Mykje av nedgangen kan forklarast med reduksjonen i talet på jordbruksbedrifter, som i perioden har gått ned med 3 100 einingar. Gjennomsnittleg blei det arbeidd 2 030 timar per jordbruksbedrift i 2012/2013, om lag det same som tre år tidlegare. Hagebruk, inklusive veksthus, er rekna med i tala.

I perioden 2010 til 2013 blei den årlege arbeidsinnsatsen i jordbruket redusert med gjennomsnittleg 2 prosent per år. Det er om lag halvparten av gjennomsnittleg årleg nedgang i føregåande treårsperiode.

Større del av arbeidet utført av innleigd hjelp

Fast og tilfeldig innleigd hjelp stod for 26 prosent av arbeidsinnsatsen i jordbruket i 2012/2013. Brukarar og ektemakar/sambuarar utførte 64 prosent av arbeidet. Brukarfamilien og andre familiemedlemar stod bak 74 prosent av arbeidsinnsatsen i jordbruket, og dette er om lag det same som i 2009/2010. Menn stod som tidlegare for snautt tre fjerdedelar av den samla arbeidsinnsatsen i jordbruket.