Innhald
Publisert:
Oppdatert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Hovedtallstabell og tabell 7 er endret kl 13:15 på grunn av feil i tallene i Statistikkbanken.
Stor variasjon i jordleigeprisane
Leige av jordbruksareal er aukande. Leigeprisen per dekar jordbruksareal auka med 12 prosent i perioden frå 1999 til 2013, rekna i 2013-kroner. Leigeprisen varierer stort mellom fylka. Det same gjeld den delen av jorda som leigast ut utan betaling.
1999 | 2013 | |
---|---|---|
Rettet 15. januar 2015 kl 13:15. | ||
Grunnflata av driftsbygningane, kvadratmeter | 28 905 000 | 24 200 000 |
Gjennomsnittleg grunnflate av driftsbygningane, kvadratmeter | 220 | 323 |
Jordbruksbedrifter med leigejord, tal | 38 746 | 27 100 |
Gjennomsnittleg køyreavstand til det jordstykket som ligg lengst unna, km | 3,2 | 6,5 |
I 2013 var 4,3 millionar dekar, som utgjer 44 prosent av alt jordbruksareal, leigejord. Til samanlikning utgjorde leigejorda 31 prosent i 1999. I 2013 blei 60 prosent av leigearealet forsynt med skriftleg kontrakt. Det var monaleg variasjon mellom fylka. I Østfold var nær 80 prosent av leigearealet forsynt med skriftleg kontrakt, mot berre ein tredel i Telemark. I heile landet sett under eitt blei halvparten av arealet med skriftlig kontrakt leigd med avtale på 10 år eller meir.
Auke i jordleigeprisane
I alt blei det betalt jordleige for 72 prosent av leigearealet i 2013. Gjennomsnittleg pris for areal det ble betalt leige for var 234 kroner per dekar, noko som er ei auke på 12 prosent i frå 1999 rekna i 2013-kroner. I denne prisen inngår fulldyrka areal, overflatedyrka areal, innmarksbeite og areal ute av drift. Fordelt etter fylke varierer gjennomsnittsprisen stort, frå 366 kroner per dekar i Vestfold til 63 kroner per dekar i Finnmark.
Varierande køyreavstand
Gjennomsnittleg køyreavstand til det jordstykket (medrekna leigd areal) som låg lengst unna tunet på hovudbruket var 6,5 kilometer. På om lag ein tredel av jordbruksbedriftene var avstanden kortare enn 1,0 kilometer, og den var meir enn 5 kilometer for ein tredel av dei. Leigejord og bruk av jordbruksareal i samband med seter er med på å forklare lange køyreavstandar. Finnmark låg på topp med 10,4 kilometer i gjennomsnittleg avstand til det jordstykket som låg lengst unna, mot berre 3,9 kilometer i Hordaland.1
Større driftsbygningar
Det blei registrert 75 000 driftsbygningar i bruk på norske gardsbruk i 2013, og den samla grunnflata til desse bygningane var 24,2 millionar kvadratmeter. Det gir ein gjennomsnittleg storleik på 320 kvadratmeter, om lag 100 kvadratmeter større enn i 1999. Av driftsbygningane i bruk med oppgitt byggjeår blei 14 prosent bygd etter år 2000 og 31 prosent før 1950. Prosentdelen av alle driftsbygningane som ein eller fleire gonger har blitt påbygd eller ombygd var på 45 prosent, og av desse bygningane blei 58 prosent sist påbygd eller ombygd i perioden 1995-2013.
Meir lausdrift
I kufjøs brukt til mjølkeproduksjon var fordelinga mellom tal kuplassar i bås- og lausdriftsfjøs respektive 54 og 46 prosent. Til samanlikning utgjorde kuplassar i båsfjøs 91 prosent i 1999. Om lag 15 prosent av alle jordbruksbedrifter med mjølkeproduksjon hadde skaffa mjølkerobot i 2013. Omkring 8 500 jordbruksbedrifter hadde tørkeanlegg for korn, og tre firedelar av dei hadde vore i bruk siste tre år. Talet på bedrifter med tørkeanlegg for høy var 6 600, og av desse tørkeanlegga hadde 61 prosent vore i bruk siste tre år.
1Tekstavsnittet er rettet 15. januar kl 13:15.
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Cathrine Gran Øverby
E-post: cathrine.overby@ssb.no
tlf.: 40 85 46 03