Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang i investeringane i jordbruket
Førebelse tal frå Landbruksundersøkinga viser at 13 prosent av jordbruksbedriftene investerte i driftsbygningar i 2014, ein nedgang på 2 prosentpoeng frå 2011. Gjennomsnittleg investert beløp per bedrift som investerte, gjekk likevel opp.
2014 | 2011 | |
---|---|---|
Jordbruksbedrifter i alt | 41 800 | 44 800 |
Jordbruksbedrifter med investering i driftsbygningar (prosent) | 13 | 15 |
Investering per jordbruksbedrift som har investert (kr) | 601 000 | 583 000 |
Jordbruksbedrifter med investering i maskiner og reiskap (prosent) | 31 | 32 |
Investering per jordbruksbedrift som har investert (kr) | 196 000 | 229 000 |
SSB har berekna at det blei investert 3,2 milliardar kroner i driftsbygningar i jord- og hagebruk i 2014. Rekna i 2014-kroner er det ein nedgang på 760 millionar kroner eller 19 prosent frå 2011. Rekna om til prisnivået i 2014 var investert beløp per bruk 600 000 kroner i 2014 mot 583 000 kroner i 2011.
I tillegg blei det betalt leasing for driftsbygningar og bygningsinventar på til saman 98 millionar kroner i 2014.
Jordbruksbedrifter med driftsforma storfe mjølkeproduksjon sto for 29 prosent av dei samla investeringane i driftsbygningar. Rekna per bedrift med investering var det driftsforma svin og fjørfe som låg høgast, med 972 000 kroner. Minst investering per bedrift hadde driftsformene sau samt korn- og oljevekstar.
Det blei investert 2,5 milliardar kroner i maskiner og reiskapar i 2014, ein nedgang på knapt 23 prosent frå 2011, rekna i 2014-kroner. Gjennomsnittleg investert beløp gjekk ned frå 229 000 kroner til 196 000 kroner i same perioden.
17 prosent av jordbruksbedriftene betalte leasingleige for maskinar og reiskap. Totalt betalte jordbruksbedriftene om lag 741 millionar kroner i leasingleige i 2014. Rekna om til 2014-kroner var tilsvarande beløp 725 millionar kroner i 2011 og 718 millionar i 2008. Gjennomsnittleg leasingleige var 103 000 kroner per bedrift med leasing i 2014, omtrent det same som i 2009 og 2011.
Meir til vedlikehald
Knapt 80 prosent av jordbruksbedriftene hadde utgifter til vedlikehald av driftsbygningar i 2014. Utgiftene utgjorde i alt 1,5 milliardar kroner, ein auke på 33 prosent frå 2011, rekna i 2014-kronar. Utgiftene per jordbruksbedrift med utført vedlikehald auka frå 31 000 kroner i 2011 til 47 000 kroner i 2014.
Samla energiforbruk ned
Det totale forbruket av elektrisk energi, så vel som forbruk per bedrift, gjekk ned frå 2011 til 2014. I 2014 blei det brukt 929 millionar kWh, medan det i 2011 blei brukt 982 millionar kWh. Rekna per jordbruksbedrift blei det i 2014 brukt 22 000 kWh, mot 23 000 i 2011.
Det totale forbruket av diesel i jord- og hagebruk var 124 millionar liter i 2014, ein nedgang på 7,9 millionar liter frå 2011. Forbruket av diesel per jordbruksbedrift var 3 200 liter i 2014. Energiforbruk i veksthus er ikkje inkludert i desse tala.
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Cathrine Gran Øverby
E-post: cathrine.overby@ssb.no
tlf.: 40 85 46 03