20308_om_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/lu/aar-forelopige
20308_om
statistikk
2018-03-06T08:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
false

Landbruksundersøkinga2016, førebelse tal

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Landbruksundersøkinga
Emne: Jord, skog, jakt og fiskeri

Ansvarleg seksjon

Seksjon for eiendoms-, areal- og primærnæringsstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Jordbruksbedrift: Verksemd med jordbruksdrift inkludert husdyrhald og hagebruk. Bedrifta omfattar alt som blir drive som ei eining under ei leiing og med felles bruk av produksjonsmidlar, og er uavhengig av kommunegrenser. Til og med 2003 blei omgrepet driftseining nytta.

Brukar(ane): Den/dei som er ansvarleg for jordbruksdrifta. I Virksomhets- og foretaksregisteret vil brukaren vere registrert som innehavar av enkeltmannsføretak, eller som eigar eller deltakar i eit selskap.

Jordbruksareal i drift: Omfattar alt eige og leigd/forpakta jordbruksareal i drift i bedrifta, medrekna eittårig brakk. Som jordbruksareal reknast fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.

Tilleggsnæring: Ein aktivitet som utnyttar areal, bygningar eller maskinar som høyrer til jordbruksbedrifta.

Bruttoinntekt: Summen av alle inntektene utan mva. før det er trekt frå kostnader.

Standard omsetning: Standard omsetning (SO) for plante- og husdyrprodukt er verdien av produkta basert på produsentpris. SO blir berekna på regionalt nivå per dekar og per dyr som gjennomsnittsverdiar over ein referanseperiode på fem år. SO er eksklusive direkte tilskott, meirverdiavgift og skattar/avgifter på produkta.

Standard klassifikasjonar

Fylke, landsdel, standard omsetning og driftsform.

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Fylke eller landsdel.

Kor ofte og aktualitet

Årleg

Internasjonal rapportering

Data blir levert til Eurostat etter avtale, gjeld årgangane 2003, 2005, 2007, 2013 og 2016.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Editerte mikrodata blir lagra.

Bakgrunn

Føremål og historie

Formålet med Landbruksundersøkinga er å skaffe relevante data som ikkje er å finne i administrative datasystem, og å skaffe data for einingar som ikkje blir omfatta av administrative system.

Landbruksundersøkinga skal danne eit bilde av landbruksnæringa i Noreg gjennom ulike spørsmål. Hovudtema varierar frå år til år, men somme tema kjem att med nokre års mellomrom:
2000 Jordarbeiding, skogbruk
2001 Arbeidsinnsats, tilleggsnæringar, jordarbeiding, beiting
2002 Jordarbeiding, energibruk, investeringar og vedlikehald i maskinar og bygg, grøfting og nydyrking, arrondering
2003 Arbeidsinnsats, tilleggsnæringar, vatning, gjødsel
2004 Skogbruk, sjå eigen omtale på Skogbruk
2005 Arbeidsinnsats, tilleggsnæringar, vatning, utdanning, traktorar, maskinar og reiskap
2006 Grøfting og nydyrking, arrondering, energibruk, investeringar og vedlikehald i maskinar og bygg, leasing
2007 Arbeidsinnsats, tilleggsnæringar og vatning
2008 Skogbruk, sjå eigen omtale på Skogbruk
2009 Investeringar og vedlikehald i maskinar og bygg, leasing
2011 Produksjonsmetodar
2012 Investeringar og vedlikehald i maskinar og bygg, leasing
2013 Arbeidsinnsats
2014 Leigejord og driftsbygningar 
2015 Investeringar og vedlikehald i maskinar og bygg, leasing
2016 Arbeidsinnsats
2017 Investeringar og vedlikehald i maskinar og bygg, leasing
2018 Arbeidsinnsats

 

 

Brukarar og bruksområde

Data frå undersøkinga blir mellom anna nytta av Budsjettnemnda for jordbruket, næringsorganisasjonane, Landbruks- og matdepartementet, Klima og miljødepartementet, ulike forskingsinstitusjonar slik som NIBIO og Seksjon for energi,- miljø og transportstatistikk i Statistisk sentralbyrå.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen.  Dette er eit av deI viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Ikkje relevant

Lovheimel

Statistikkloven §§2-1, 2-2, 2-3 (tvangsmulkt)

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Populasjonen tek utgangspunkt i aktive jordbruksbedrifter frå søknader om produksjonstilskott i jordbruket og landbrukseindommer i Landbruksregisteret.

Datakjelder og utval

Storparten av opplysningane kjem direkte frå oppgåvegivarane som fyller ut skjema til den årlege landbruksundersøkinga. Opplysningar om storleiken på jordbruksareal og skogareal, personar med tilknyting til eigedomen/jordbruksbedrifta og kva for tilknyting dei har til eigedomen/jordbruksbedrifta blir henta frå Landbruksregisteret.

Det blir kvart år trekt eit utval som skal gi oppgåve til Landbruksundersøkinga. Storleiken på utvalet varierar mellom 8000 og 11 000 av dei jordbruksbedriftene som er registrert som aktive. Utvalet blir stratifisert utifrå ein berekna økonomisk storleik (standard omsetning) og driftsform innan kvart fylke eller landbsdel. Til og med 2011 vart storleiken på jordbruksareal nytta i staden for standard omsetning.

Datainnsamling, editering og beregninger

I undersøkingane fra til 2015 blei det sendt ut brev til dei jordbruksbedriftene som var trekt ut til å vere med i undersøkinga. Dei kunne velgje om dei ville levere skjema på papir eller elekrtonisk gjennom Altinn. Det var brukaren av jordbruksbedrifta som skulle gi oppgåve. Frå og med 2015 skulle alle levere skjema gjennom Altinn.

Det blir gjort ei rekkje kontrollar og editeringar for å sikre konsistensen både innan eitt enkelt skjema og mellom skjema og tilgjengelege registeropplysningar.

Populasjonen blir gruppert etter fylke eller landsdel, standard omsetning og driftsform. Kvar eining som er med i utvalsundersøkinga får berekna ei vekt under estimeringa av totalar.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Det heftar uvisse ved alle utvalsundersøkingar, og ved for få observasjonar blir tala undertrykt ved publisering av resultata.

Samanlikningar over tid og stad

Statistikken er stort sett samanliknbar tilbake til slutten av 1940-åra. For nokre variable vil det jamvel vere eit brot i tidsserien. Til dømes mellom 1998 og 1999, då metoden som blei brukt for å berekne talet på jordbruksbedrifter før 1999 gradvis førte til for høge tal. Dette kom klart til uttrykk ved den fullstendige jordbruksteljinga i 1999, som resulterte i ei nedjustering. Etter 1999 er utvala til Landbruksundersøkinga baserte på eit årleg oppdatert register, og det skulle gi betre tal. Frå 1999 blei alt som blir drive som ei eining uavhengig av kommunegrenser rekna som ei jordbruksbedrift. Før 1999 var den statistiske eininga for jordbruksbedrift innskrenka til å vere alt innan ein kommune.

For åra etter 2000 er opplysningane i tabellane om talet på jordbruksbedrifter og storleiken på jordbruksareal i drift henta frå SSBs system for berekning av totaltal i jordbruket. Grunnlagsdata for dette systemet er opplysningar frå registeret over søknader om produksjonstilskott i jordbruket. Gjennom kopling mot andre administrative register, slik som Landbruksregisteret, Leveranseregisteret for korn og oljevekstar og leveranseregisteret for slakt, er det henta inn opplysningar om produksjonen også på einingar som ikkje søker om produksjonstilskott. Desse produksjonsopplysningane dannar grunnlag for berekning av areal og talet på husdyr på einingar som ikkje søker om tilskott.

I 2007 vart spørsmålsstillinga kring tilleggsnæringar utvida. I tillegg til spørsmål om type tilleggsnæring vart det spurt om kva bruttoinntekt tilleggsnæringa(ne) gav. Endringa kan ha ført med seg at nokon kan ha unnlata å gi opp tilleggsnæring. Vi reknar likevel med å ha fanga opp alle som driv med eit visst omfang ved å kontrollere mot opplysningar frå næringsoppgåva.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Primærdata er henta frå skjema som oppgåvegivarane fyller ut. Dei kan innehalde feil som den enkelte oppgåvegivar gjer når ved utfylling av skjema. Feil kan òg oppstå under innsamling og handsaming av data. Det er utført eit omfattande arbeid for å minske desse feila så mye som mogleg.


Fråfall i undersøkinga skuldast manglande innlevering av oppgåve frå einskilde oppgåvegivarar, eller at ei verksemd er selt eller ikkje lenger blir drive som ei aktiv sjølvstendig jordbruksbedrift.


Varians: Det heftar uvisse ved alle utvalsundersøkingar. Generelt blir resultata meir usikre dess færre observasjonar dei er baserte på. Grupper som er basert på få observasjonar vil vere særs merkbare for ekstreme verdiar, det vil si verdiar som avvik mykje frå gjennomsnittet. Slike ekstreme verdiar er difor gitt ei vekt lik 1, slik at dei berre representerer seg sjølve i materialet.


I utvalet til Landbruksundersøkinga skal alle typar jordbruksbedrifter inngå. For å gi ein betre representasjon i enkelte fylke med få einingar, er det trekt ein høgare prosent av jordbruksbedriftene i desse områda.

Registerfeil: Kvaliteten på registergrunnlaget for trekking av utvalet har også noko å seie for kvaliteten på det ferdige resultatet. Kvaliteten på registergrunnlaget reknast som god.

Revisjon

Ikkje relevant