20344_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/lu/arkiv
20344
Færre bruk - stabilt jordbruksareal
statistikk
2002-01-07T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
lu, Landbruksundersøkinga, jordbruk, hagebruk, skogbruk, gardsbruk, tilleggsnæringar (for eksempel campingplassar, jakt- og fiskerettar, utleigeverksemd), arbeidsinnsats, vedlikehald, maskinar og reiskapar, energibruk, investeringarJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Landbruksundersøkinga1. juni 2001, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre bruk - stabilt jordbruksareal

Sidan 1999 har talet på gardsbruk vorte redusert med 2 900 kvart år. Førebels berekningar frå Landbruksundersøkinga 2001 viser at det per 1. juni var 65 000 bruk i drift, mot 70 700 to år før. Jordbruksarealet endra seg lite i perioden, og i 2001 vart det registrert 10,4 millionar dekar jordbruksareal i drift.

 Driftseiningar, etter storleiken på jordbruksareal i drift

Talet på gardsbruk går stadig nedover, og sidan 1989 har brukstalet vorte redusert frå 99 400 til 65 000. Det er særleg dei små bruka det har vorte færre av. Talet på bruk under 200 dekar minkar stadig, medan det er auke i talet på bruk med meir enn 200 dekar jordbruksareal i drift.

I 1989 fann vi 37 prosent av bruka i gruppa med mellom 5 og 50 dekar jordbruksareal i drift, medan berre 18 prosent av bruka var i denne storleiksgruppa i 2001. I den andre enden av skalaen finn vi dei store bruka med minst 500 dekar jordbruksareal i drift. I 1989 utgjorde dei 1 prosent av bruka, mot 3 prosent i 2001.

Størst nedgang i Aust-Agder

Aust-Agder er det fylket som har hatt størst nedgang i brukstalet i perioden 1999-2001, med 15 prosent. Hedmark og Troms har i same perioden hatt ein nedgang i talet på bruk med vel 10 prosent. Sogn og Fjordane, Nord-Trøndelag og Rogaland har minst nedgang i brukstalet med ein reduksjon på rundt 6 prosent.

Jordbruksarealet har endra seg lite frå 1999 til 2001, og dette medfører at storleiken på bruka stadig aukar. Eit gjennomsnittleg gardsbruk i Noreg hadde knapt 160 dekar jordbruksareal i drift i 2001, mot 147 dekar to år før. Dei største bruka finn vi i austlandsfylka, dei minste på Vestlandet.

Mindre haustpløying

 Del av korn- og oljevekstarealet som vart haustpløgd. 1989/90-2000/01

Hausten 1989 vart 82 prosent av kornarealet haustpløgd. Etter ein markert nedgang tidleg på 1990-talet, låg delen haustpløgd kornareal på mellom 54 og 58 prosent fram til og med 1999. For hausten 2000 har det igjen vore ein markert nedgang til 45 prosent. Nedgangen i haustpløgd kornareal har mellom anna samanheng med auke i kornareal med utbetalt tilskott til endra jordarbeiding.

Generelt vil areal med vegetasjonsdekke eller areal som ikkje er haustpløgd, vere mindre utsett for erosjon og næringssaltavrenning enn areal som er jordarbeidd. Dette gjeld særleg på areal med høg naturleg erosjonsrisiko. Eit viktig tiltak for å redusere forureining frå jordbruket, er nettopp å erstatte haustpløying av kornareal med jordarbeiding om våren.

Arealet av haustkorn utgjorde berre 4 prosent av kornarealet i 2001. Dette er eit relativt lågt tal som nok kjem av den våte hausten 2000 på Austlandet.

Halvparten av arealet til korn- og oljevekstar til mogning i 2001 vart jordarbeidd berre om våren. Til samanlikning vart 40 prosent jordarbeidd berre om våren året før.

Tabeller: