20342_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/lu/arkiv
20342
8 200 færre årsverk i landbruket
statistikk
2002-03-22T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
lu, Landbruksundersøkinga, jordbruk, hagebruk, skogbruk, gardsbruk, tilleggsnæringar (for eksempel campingplassar, jakt- og fiskerettar, utleigeverksemd), arbeidsinnsats, vedlikehald, maskinar og reiskapar, energibruk, investeringarJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Landbruksundersøkinga2001, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

8 200 færre årsverk i landbruket

Det vart utført 150,2 millionar arbeidstimar i landbruket i perioden 1. juni 2000-31. mai 2001. Det er ein nedgang på 9 prosent, eller 8 200 årsverk, frå to år tidlegare.

I gjennomsnitt vart det arbeidd 2 300 timar per driftseining, medrekna arbeid i skogbruk og i tilleggsnæringar.

Arbeidsinnsats på driftseiningane, 1975/1976-2000/2001*. Mill. timeverk.

Frå 1998/1999 til 2000/2001 har den samla arbeidsinnsatsen på driftseiningane gått ned frå 166 til 150 millionar timeverk. Dette er ein nedgang på vel 9 prosent, tilsvarande ein reduksjon i talet på årsverk med 8 200. I gjennomsnitt blei det arbeidd 2 300 timar per driftseining i 2000/2001, mot 2 340 per driftseining i 1998/99.

10 prosent færre årsverk i jord- og hagebruk

91 prosent av arbeidsinnsatsen på driftseiningane vart utført i jordbruk og hagebruk, medan arbeid i skogbruk utgjorde i 3 prosent og arbeid i tilleggsnæringar 6 prosent. Tilleggsnæringar er aktivitetar som utnyttar areal, bygningar eller maskinar tilhøyrande driftseininga. Dei viktigaste tilleggsnæringane var leigekøyring for andre, foredling av eige skogvirke og utleige av jakt- og fiskerettar. Leigekøyring for andre blei utført på 11 700 av driftseiningane.

Arbeidsinnsatsen i jordbruk og hagebruk tilsvarte 73 200 årsverk i 2000/2001, ein nedgang på knapt 10 prosent sidan siste registrering i 1998/1999. Brukarane sjølve utførte 77 prosent av dette arbeidet, medan resten av arbeidet blei utført av familiemedlemmer og anna fast og tilfeldig arbeidshjelp.

Arbeidsinnsats i jordbruk og hagebruk etter kven som utførte arbeidet. 2000/2001*.

I jordbruk og hagebruk blei det i gjennomsnitt utført 1,1 årsverk per driftseining i 2000/2001. Vel halvparten av driftseiningane hadde ein arbeidsinnsats på eit årsverk eller meir, medan om lag ein fjerdepart av driftseiningane hadde ein arbeidsinnsats på driftseininga som utgjorde under eit halvt årsverk. Frå 1998/1999 til 2000/2001 har talet på driftseiningar med 2 årsverk eller meir gått ned med 13 prosent, medan talet på driftseiningar med mindre enn eit årsverk har blitt redusert med 7 prosent.

Arbeidsinnsats utanom driftseininga for brukarar og ektemakar/sambuarar utgjorde 95,4 millionar timeverk i 2000/2001. Tilsvarande tal for 1998/1999 var 94,7 millionar timeverk.

Tabeller: