20338_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/lu/arkiv
20338
Ein av ni investerte i driftsbygningar
statistikk
2003-04-09T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
lu, Landbruksundersøkinga, jordbruk, hagebruk, skogbruk, gardsbruk, tilleggsnæringar (for eksempel campingplassar, jakt- og fiskerettar, utleigeverksemd), arbeidsinnsats, vedlikehald, maskinar og reiskapar, energibruk, investeringarJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Landbruksundersøkinga2002, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Ein av ni investerte i driftsbygningar

I 2001 blei det investert 1,25 milliardar kroner i driftsbygningar for jord- og hagebruk. Omkring 6 900, eller 11 prosent, av driftseiningane hadde investert i driftsbygningar.

Del driftseiningar med investering i maskiner og reiskap for jord- og hagebruk. 1988, 1993, 1997 og 2001. Prosent

Del driftseiningar med investering i driftsbygningar for jord- og hagebruk. 1988, 1997 og 2001. Prosent

Det blei investert 1,25 milliardar kroner i driftsbygningar for jord- og hagebruk i 2001. Tilsvarande tal for 1988 og 1997 var 2,37 og 1,44 milliardar kroner. Kronebeløpa for 1988 og 1997 er rekna om til prisnivået i 2001 ved bruk av konsumprisindeksen. Talet på driftseiningar som investerte i driftsbygningar sokk frå 13 900 i 1988 til 7 300 i 1997 og 6 900 i 2001. Del driftseiningar med investering gjekk ned frå 14 prosent i 1988 til 9 prosent i 1997, for så å auke til 11 prosent i 2001. I gjennomsnitt blei det i 2001 investert 181 300 kroner per driftseining som investerte. Det var dei yngste brukarane og dei med størst jordbruksareal som investerte mest.

Omkring 60 prosent av driftseiningane hadde utgifter til vedlikehald av driftsbygningane i 2001. Utgiftene utgjorde 738 millionar kroner, og det tilsvarar 19 700 kroner per driftseining med utført vedlikehald.

Fleire investerte i maskiner og reiskap

I 2001 blei det investert 2,43 milliardar kroner i maskiner og reiskap for jord- og hagebruk. Omkring 16 100, eller 26 prosent, av driftseiningane investerte i nye eller brukte maskiner og reiskap. I 1993 og 1997 var det til samanlikning berre 21 prosent av driftseiningane som hadde denne typen investeringar, medan det var 29 prosent i 1988. I 1988 blei det investert for 3,11 milliardar kroner, i 1993 for 1,98 milliardar og i 1997 for 2,33 milliardar. Også her er kronebeløpa for 1988, 1993 og 1997 rekna om til prisnivået i 2001 ved bruk av konsumprisindeksen. Gjennomsnittleg beløp det blei investert for i 2001 var 150 900 kroner per driftseining som investerte.

Forbruket av elektrisitet var 24 000 kWh per driftseining

Det totale forbruket av elektrisk energi i jord- og hagebruk har endra seg lite samanlikna med tal frå 1993. I 2001 blei det brukt 1,26 millionar kWh, medan det i 1993 blei brukt 1,23 millionar kWh. Forbruket i 2001 er fordelt på færre driftseiningar, og per driftseining blei det brukt 24 000 kWh, medan tilsvarande tal for 1993 var 17 000 kWh. Det blei brukt 118 millionar liter diesel i 2001, og dette utgjer 2 200 liter per driftseining.

Tabeller: