Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre driv jordbruk
Førebelse tal frå Landbruksundersøkinga viser at det i 2003 var 58 800 driftseiningar i jordbruket, mot 70 700 i 1999. Jordbruksarealet endra seg lite i same perioden, og i 2003 blei det registrert 10,46 millionar dekar jordbruksareal i drift.
Talet på driftseiningar går stadig nedover og er blitt halvert sidan 1979. I perioden 1979-1989 blei 2 600 bruk lagt ned kvart år, det tilsvarar ein prosentvis nedgang på 2,1 per år. Frå 1989-1999 blei det i gjennomsnitt lagt ned 2 900 bruk i året, ein prosentvis nedgang på 2,9 per år. Frå 1999 til 2003 akselererte bruksnedlegginga ytterlegare, og det har dei siste åra blitt lagt ned om lag 3 000 bruk per år, tilsvarande ein årleg nedgang på 4,2 prosent.
Det at eit bruk går ut av drift, betyr ikkje nødvendigvis at jordbruksarealet går ut av bruk. I dei fleste tilfelle vil jorda bli leigd bort til andre. Jordbruksarealet auka i perioden 1979-2003 med rundt 10 prosent, til 10,46 millionar dekar. Gjennomsnittleg jordbruksareal i drift per bruk har blitt meir enn dobla i same perioden, frå 76 til 178 dekar.
Fleire store gardsbruk
Talet på store bruk aukar, og frå 1999 til 2003 har driftseiningar med minst 500 dekar jordbruksareal i drift auka frå 1 600 til 2 300. Medan 44 prosent av bruka hadde mindre enn 100 dekar i drift i 1999, hadde 35 prosent mindre enn 100 dekar i 2003.
På landsbasis har kvart sjette bruk blitt lagt ned i perioden 1999-2003. Det blei registrert 70 740 bruk i 1999, mot 58 800 i 2003. Finnmark og Agderfylka er dei fylka som har hatt størst nedgang i talet på bruk, der ein fjerdedel av bruka har blitt lagt ned frå 1999 til 2003. Minst nedgang i talet på bruk har Rogaland hatt med vel 8 prosent. Dette er eit mønster som har gått igjen i fleire år.
Tabeller:
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Cathrine Gran Øverby
E-post: cathrine.overby@ssb.no
tlf.: 40 85 46 03