20334_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/lu/arkiv
20334
Færre timar i jord- og hagebruk
statistikk
2004-05-07T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
lu, Landbruksundersøkinga, jordbruk, hagebruk, skogbruk, gardsbruk, tilleggsnæringar (for eksempel campingplassar, jakt- og fiskerettar, utleigeverksemd), arbeidsinnsats, vedlikehald, maskinar og reiskapar, energibruk, investeringarJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Landbruksundersøkinga2003, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre timar i jord- og hagebruk

I perioden 1. juni 2002 til 31. mai 2003 blei det utført 130 millionar timar i jord- og hagebruk. Dette tilsvarar ein nedgang i arbeidsinnsatsen på 14 prosent i høve til fire år tidlegare.

Arbeidsinnsats på driftseiningane i jordbruket. Millionar timeverk

Av ein samla arbeidsinnsats på driftseiningane i jordbruket på 141 millionar timeverk, blei 130 millionar timeverk utførte i jord- og hagebruk. Arbeidsinnsatsen i skogbruk utgjorde 4,5 millionar timeverk, medan arbeidsinnsatsen i tilleggsnæringar utgjorde 6,3 millionar timeverk. Arbeidsinnsats på skogeigedomar som ikkje blei drivne i kombinasjon med jordbruk, er ikkje rekna med.

Frå 1998/99 til 2002/03 gjekk den samla arbeidsinnsatsen på driftseiningane ned frå 166 til 141 millionar timeverk. Dette tilsvarar ein reduksjon i talet på årsverk frå 88 500 i 1998/99 til 76 300 i 2002/03.

Jord- og hagebruk

Arbeidsinnsatsen i jord- og hagebruk tilsvarte 70 500 årsverk i 2002/03, ein nedgang på 10 300 årsverk sidan registreringa i 1998/99. Likevel blei det arbeidd 2 200 timar i gjennomsnitt i jord- og hagebruk i 2003, mot 2 100 timar fire år tidlegare. Dette kjem av at talet på driftseiningar har gått ned i perioden samstundes som produksjonen har vore relativt stabil. Brukarar og ektemakar/sambuarar utførte 73 prosent av dette arbeidet, medan familiemedlemmer og anna fast og tilfeldig hjelp utførte resten. Menn utførte tre fjerdedelar av arbeidet i jord- og hagebruk. Mannlege brukarar og ektemakar/sambuarar stod for 75 millionar timeverk, medan kvinnelege brukarar og ektemakar/sambuarar utførte 21 millionar timeverk.

Arbeidsinnsats i jord- og hagebruk, etter kven som utførte arbeidet. 2002/03*. Prosent

Om lag 60 prosent av driftseiningane hadde eit arbeidsforbruk i jord- og hagebruk på eitt årsverk eller meir, medan vel ein femtedel hadde mindre enn eit halvt årsverk. Talet på driftseiningar med mindre enn eit halvt årsverk har blitt kraftig redusert i fireårsperioden, frå 32,5 til 21 prosent. I same perioden har det vore størst relativ auke i talet på einingar med 2,5 årsverk eller meir, frå 7,5 til 10,3 prosent av einingane.

Tilleggsnæringar

Arbeidsinnsatsen i tilleggsnæringar utanom skogbruk utgjorde 6,3 millionar timeverk i 2002/03. Tilleggsnæringar er aktivitetar som utnytter areal, bygningar eller maskiner tilhøyrande driftseininga. Dei viktigaste tilleggsnæringane var leigekøyring for andre, foredling av eige skogvirke og utleige av jakt- og fiskerettar. Leigekøyring for andre blei utført på 9 100 av dei 18 400 einingane som dreiv ein eller fleire tilleggsnæringar.

Samanlikning med tidlegare undersøkingar

Arbeidsinnsatsen i landbruket blei òg registrert i Landbruksundersøkinga 2001. Det har i ettertid vist seg at særleg arbeidsinnsatsen i hagebruk ikkje blei fanga opp i tilstrekkeleg grad i 2001-undersøkinga. Vi har derfor valt å samanlikne tala for 2003 med resultat frå jordbruksteljinga i 1999 i påvente av ei nærare gransking av 2001-tala.

Tilsvar fra Statistisk sentralbyrå til artikkel i Nationen lørdag 8. mai 2004: Statistisk sentralbyrå tryller ikke

Tabeller: