20332_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/lu/arkiv
20332
Samla arbeidsinnsats i landbruket redusert
statistikk
2005-04-19T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
lu, Landbruksundersøkinga, jordbruk, hagebruk, skogbruk, gardsbruk, tilleggsnæringar (for eksempel campingplassar, jakt- og fiskerettar, utleigeverksemd), arbeidsinnsats, vedlikehald, maskinar og reiskapar, energibruk, investeringarJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Landbruksundersøkinga2003, endelege tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Samla arbeidsinnsats i landbruket redusert

Det blei utført arbeid tilsvarande 77 100 årsverk på jordbruksbedriftene i perioden 1. juni 2002 til 31. mai 2003, viser endelege tal frå Landbruksundersøkinga 2003.

Arbeidsinnsats på bedrifter i jordbruket. 1975/76-2002/03. Millionar timeverk

Jordbruksbedrifter etter storleiken på jordbruksareal i drift. 1999-2004*

Av den totale arbeidsinnsatsen på 142 millionar timeverk, blei 131 millionar utførte i jord- og hagebruk, 4,5 millionar i skogbruk og 6,3 millionar i tilleggsnæringar. Tilleggsnæringar er aktivitetar som utnytter areal, bygningar eller maskiner tilhøyrande jordbruksbedrifta. Arbeidsinnsats på skogeigedomar som ikkje driv jordbruk, er ikkje rekna med her.

Frå 1998/99 til 2002/03 gjekk samla arbeidsinnsats ned med 23 millionar timeverk. Dette tilsvarar ein reduksjon i talet på årsverk frå 88 500 til 77 100. Statistikken over total arbeidsinnsats for 2000/01 er korrigert til 153 millionar timeverk, tilsvarande 82 100 årsverk.

Om lag halvparten av jordbruksbedriftene hadde eit arbeidsforbruk i jord- og hagebruk på eitt årsverk eller meir, medan vel ein fjerdepart hadde mindre enn eit halvt årsverk.

Talet på jordbruksbedrifter

Talet på jordbruksbedrifter har gått ned frå 70 700 i 1999 til 55 700 i 2004. Dette tilsvarar ein nedgang på 3 000 einingar per år, og det er blant einingar med lite jordbruksareal at nedgangen er størst.

Tabeller: