Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre timar i jord- og hagebruk
Det blei utført 120 millionar timar i arbeidsinnsats i jord- og hagebruk i perioden 1. juni 2004 til 31. mai 2005. Dette er 11 millionar færre timar enn to år tidlegare.
Målt i årsverk, tilsvarar dette ein reduksjon frå 71 200 til 65 200. Gjennomsnittleg blei det arbeidd 2 260 timar per bedrift innanfor jord- og hagebruk i 2004/05, tilnærma det same som to år tidlegare. I same periode har talet på bedrifter i jord- og hagebruk blitt redusert med 5000 einingar, sjå http://www.ssb.no/emner/10/04/10/stjord/ , og er med å forklare reduksjonen i arbeidsinnsatsen. Særskilt har det vore nedgang av bedrifter i husdyrproduksjon og hagebruk, som er arbeidsintensive produksjonar.
Menn utfører tre fjerdedelar av arbeidet
Framleis blir om lag tre fjerdedelar av arbeidet i jord- og hagebruk utført av menn. Dei stod for 89 millionar timeverk, medan kvinner utførte 28 millionar timeverk. Brukarar og ektemakar/sambuarar utførte 72 prosent av arbeidet i jord- og hagebruk, tilnærma det same som i 2002/03. Familiemedlemmer, anna fast og tilfeldig hjelp og sjølvstendig næringsdrivande utførte resten. Arbeid utført av sjølvstendig næringsdrivande som blei leigde inn auka med 28 prosent frå 2002/03, men det utgjer likevel berre vel 2 prosent av den totale arbeidsinnsatsen.
Tabeller:
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Cathrine Gran Øverby
E-post: cathrine.overby@ssb.no
tlf.: 40 85 46 03