Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Redusert arbeidsinnsats i landbruket
Det blei utført 120 millionar timar i arbeidsinnsats i jord- og hagebruk i perioden 1. juni 2004 til 31. mai 2005. Dette er 11,9 millionar færre timar enn to år tidlegare.
Samla arbeidsinnsats i jordbruksbedriftene var på 130 millionar timeverk i 2004/05. Av den samla arbeidsinnsatsen blei 120 millionar timeverk utførte i jord- og hagebruk, 3,8 millionar timeverk i skogbruk og 6,8 millionar timeverk i tilleggssnæringar. Frå 2002/03 til 2004/05 gjekk den samla arbeidsinnsatsen ned med 12,2 millionar timeverk.
Det endelege talet for arbeidsinnsatsen i landbruket ligg 0,6 millionar timar, eller 0,5 prosent, under dei førebelse tala. Innan jord- og hagebruk er avviket i arbeidsinnsats mellom dei førebelse og endelege tala for 2004/05 på 0,5 millionar timar. Avviket kan forklarast med nedgangen i talet på jordbruksbedrifter i og med at gjennomsnittleg arbeidsinnsats per bedrift er om lag den same.
Tabeller:
- Tabell 1 Arbeidsinnsats i jord- og hagebruk, skogbruk og andre tilleggsnæringar på jordbruksbedrifter, etter fylke. 1 000 timar. 2004/05.
- Tabell 2 Arbeidsinnsats i jordbruk og hagebruk, etter kven som utførte arbeidet og fylke. 1 000 timeverk
- Tabell 3 Arbeidsinnsats i jord- og hagebruk, etter kjønn, kven som har utført arbeidet og fylke. 1 000 timeverk
- Tabell 4 Jordbruksbedrifter med tilleggsnæringar og arbeidsinnsats i tilleggsnæringar, etter fylke. 2004/05.
- Tabell 5 Tal jordbruksbedrifter med firehjulstraktorar og motorslåmaskinar/tohjulstraktorar og tal firehjulstraktorar og motorslåmaskinar/tohjulstraktorar etter fylke, areal og driftsform. 2005
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Cathrine Gran Øverby
E-post: cathrine.overby@ssb.no
tlf.: 40 85 46 03