Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auka investeringar i driftsbygningar
I 2005 blei det investert 2,45 milliardar kroner i driftsbygningar for jord- og hagebruk. Det er nær ei dobling frå 2001. Om lag 12 prosent av jordbruksbedriftene investerte i driftsbygningar.
Det blei investert 2,45 milliardar kroner i driftsbygningar for jord- og hagebruk i 2005. Tilsvarande tal for 2001 var 1,261 milliardar kroner, rekna om til prisnivået i 2005 ved bruk av konsumprisindeksen.
Delen jordbruksbedrifter med investering gikk ned frå 14 prosent i 1988 til 9 prosent i 1997, for så å auke til 11 prosent i 2001 og 12 prosent i 2005. Av dei som investerte i 2005 blei det investert i gjennomsnitt 390 200 kroner per jordbruksbedrift. Det var bedriftene med størst og minst jordbruksareal som investerte mest. Ei forklaring til at arealgruppa 0-49 dekar har høge investeringar per bedrift, er at gruppa omfattar mellom anna samdrifter med mjølkeproduksjon og bedrifter med relativ stor svine-, fjørfe- eller hagebruksproduksjon.
Om lag 78 prosent av jordbruksbedriftene hadde utgifter til vedlikehald av driftsbygningar i 2005. Utgiftene utgjorde i alt 1,04 milliardar kroner. Det tilsvarar 26 200 kroner per jordbruksbedrift med utført vedlikehald.
Høgare del som investerte i maskiner og reiskap
I 2005 blei det investert 2,49 milliardar kroner i maskiner og reiskap for jord- og hagebruk. Om lag 14 900, eller 29 prosent av jordbruksbedriftene, investerte i nye eller brukte maskiner og reiskap. For 1997 og 2001 var det høvesvis 21 og 26 prosent av jordbruksbedriftene som hadde denne typen investeringar. Gjennomsnittleg blei det investert for 167 300 kroner per jordbruksbedrift som investerte i 2005.
Auka leasing
Leige av maskinar gjennom finansieringsselskap (leasing) vil saman med investeringar inngå i dei totale maskinkostnadane i jordbruket. Totalt betalte jordbruksbedriftene om lag 460 millionar kroner i leasingleige i 2005. Tilsvarande tal i 2004 var om lag 390 millionar kroner. Av dei som hadde leasingavtalar i 2005 var gjennomsnittleg betalt leasingleige 79 000 kroner. Tilsvarande tal i 2004 var 78 000 kroner. Det blei inngått nye leasingkontraktar for drygt 700 millionar kroner. Det gjer eit gjennomsnitt på 370 000 kroner for dei drygt 1 900 jordbruksbedriftene som teikna nye kontraktar i 2005.
Korrigerte tal
Vi gjer merksam på at tala for 2001 er korrigerte som følgje av forbetra utrekningsmetodar.
1Tallet er rettet 20. mars 2007. |
Tabeller:
- Tabell 1 Jordbruksbedrifter med investering i driftsbygningar for jord- og hagebruk. 1988, 1997, 2001 og 2005*
- Tabell 2 Investering i driftsbygningar for jord- og hagebruk. 1988, 1997, 2001 og 2005*. Faste 2005-kroner (Rettet 20. mars 2007)
- Tabell 3 Vedlikehald av driftsbygninger for jord- og hagebruk. 2001 og 2005*. Faste 2005-kroner (Rettet 20. mars 2007)
- Tabell 4 Jordbruksbedrifter med investering i maskiner og reiskap for jord- og hagebruk. 1988, 1997, 2001 og 2005*
- Tabell 5 Investering i maskiner og reiskap for jord- og hagebruk 1988, 1997, 2001 og 2005*. Faste 2005-kroner (Rettet 20. mars 2007)
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Cathrine Gran Øverby
E-post: cathrine.overby@ssb.no
tlf.: 40 85 46 03