Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Mindre energibruk i jordbruket
Det totale forbruket av elektrisk energi og diesel i jord- og hagebruk gjekk ned frå 2001 til 2005. Men det gjennomsnittlege forbruket per gardsbruk auka.
Det totale forbruket av elektrisk energi i jord- og hagebruk gjekk noko ned frå 2001 til 2005. I 2001 blei det brukt 1,22 milliardar kWh, medan det i 2005 blei brukt 1,11 milliardar kWh.
Nedgang i talet på jordbruksbedrifter forklarar noko av reduksjonen i forbruket av elektrisitet. Samstundes har jordbruksarealet i drift endra seg lite, og gjennomsnittleg storleik på jordbruksbedriftene har auka. Rekna per jordbruksbedrift auka forbruket av elektrisk energi frå 2001 til 2005 med 2 000 kWh. Gjennomsnittleg blei det i 2005 brukt 24 000 kWh elektrisk energi per jordbruksbedrift.
Det totale forbruket av diesel i jord- og hagebruk var 127 millionar liter i 2005, mot 129 millionar liter fire år tidlegare. Forbruket av diesel per jordbruksbedrift auka med om lag 18 prosent.
Energiforbruk i veksthus er ikkje inkludert i statistikken.
Tabeller:
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Cathrine Gran Øverby
E-post: cathrine.overby@ssb.no
tlf.: 40 85 46 03