Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auka investeringar i jordbruket
Investeringane i driftsbygningar og maskiner i jord- og hagebruk auka frå 2001 til 2005. I gjennomsnitt blei det investert snautt 400 000 kroner i driftsbygningar per jordbruksbedrift i 2005.
Totalt blei det investert 2,53 milliardar kroner i driftsbygningar for jord- og hagebruk i 2005. Tilsvarande tal for 2001 var 1,26 milliardar kroner, rekna om til prisnivået i 2005 ved bruk av konsumprisindeksen.
I 2005 blei det investert 2,54 milliardar kroner i maskiner og reiskap for jord- og hagebruk. Gjennomsnittleg blei det investert for 171 500 kroner per jordbruksbedrift for dei som investerte i 2005.
Desse tala skil seg lite frå førebelse tal .
Auka energibruk per jordbruksbedrift
Det totale forbruket av elektrisk energi i jord- og hagebruk gjekk ned frå 1,22 milliardar kilowattimar (kWh) i 2001 til 1,14 milliardar kWh i 2005. Forbruket av elektrisk energi per jordbruksbedrift auka med om lag 2 000 kWh til 24 000 kWh frå 2001 til 2005. Dieselforbruket per jordbruksbedrift auka frå 2 300 liter i 2001 til 2 700 liter i 2005. Totalt blei det brukt 132 millionar liter diesel i jord- og hagebruk i 2005.
Energibruk i veksthus er ikkje inkludert i statistikken.
Tabeller:
- Tabell 1 Jordbruksbedrifter med investering i driftsbygningar for jord- og hagebruk. 1988, 1997, 2001 og 2005
- Tabell 2 Investering i driftsbygningar for jord- og hagebruk. 1988, 1997, 2001 og 2005. Faste 2005-kroner
- Tabell 3 Vedlikehald av driftsbygningar for jord- og hagebruk. 2001 og 2005. Faste 2005-kroner
- Tabell 4 Jordbruksbedrifter med investering i maskiner og reiskap for jord- og hagebruk. 1988, 1997, 2001 og 2005
- Tabell 5 Investering i maskiner og reiskap for jord- og hagebruk 198, 1997, 2001 og 2005. Faste 2005-kroner
- Tabell 6 Forbruk av elektrisk energi i jordbruk. Ekskl. veksthus. 2001 og 2005
- Tabell 7 Forbruk av diesel i jordbruk. Ekskl. veksthus. 2001 og 2005
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Cathrine Gran Øverby
E-post: cathrine.overby@ssb.no
tlf.: 40 85 46 03