Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre arbeidstimar i landbruket
Det blei utført i alt 121,6 millionar timeverk i landbruket i 2006/07. Dette er 8,8 millionar færre timeverk enn to år tidlegare.
Av den samla arbeidsinnsatsen blei 111.6 millionar timeverk utførte i jord- og hagebruk, 3,5 millionar timeverk i skogbruk og 6,5 millionar timeverk i ymse tilleggssnæringar. Innanfor jord- og hagebruk var nedgangen frå 2004/05 til 2006/07 på 8,1 millionar timeverk. Målt i årsverk svarar dette til ein reduksjon på 4 400 årsverk på 2 år. Mykje av nedgangen kan forklarast med nedgangen i talet på jordbruksbedrifter, som i perioden har gått ned med 3 100 einingar. Arbeidsinnsatsen i skogbruket gjekk og ned, medan samla timeverksinnsats i tilleggsnæringane låg om lag på same nivået som 4 år tidlegare.
Mange dreiv tilleggsnæring
40 prosent av dei aktive jordbruksbedriftene dreiv ei eller anna form for tilleggsnæring attåt tradisjonelt landbruk i 2007. Med tilleggsnæring meiner ein i denne samanhengen ein aktivitet som utnyttar areal, bygningar eller maskinar som høyrer til jordbruksbedrifta. Dei mest utbreidde tilleggsnæringane var leigekøyring, utleige av jakt- og fiskerettar, utleige av driftsbygningar eller våningshus, vidareforedling av skogvirke og camping, hytteutleige og gardsturisme. Samla bruttoinntekt frå tilleggsnæringane var 2,25 milliardar kronar.
Desse tala skil seg lite frå førebelse tal .
Tabeller:
- Tabell 1 Arbeidsinnsatsen i jordbruk, skogbruk og andre tilleggsnæringar på jordbruksbedrifter, etter fylke. 1 000 timeverk. 2006/07
- Tabell 2 Arbeidsinnsats i jordbruk, etter kven som utførte arbeidet og fylke. 1 000 timeverk. 2006/07
- Tabell 3 Arbeidsinnsatsen i jordbruket, etter kjønn, kven som har utført arbeidet, og fylke. 1 000 timeverk. 2006/07
- Tabell 4 Jordbruksbedrifter med tilleggsnæringar, etter fylke. 2006/07
- Tabell 5 Jordbruksbedrifter med ulike tilleggsnæringar, etter storleiken på bruttoinntekt frå desse næringane. 2006
- Tabell 6 Bruttoinntekt frå tilleggsnæringar i landbruket. 2006. 1 000 kroner
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Cathrine Gran Øverby
E-post: cathrine.overby@ssb.no
tlf.: 40 85 46 03