Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auke i investeringane i jordbruket
I 2008 blei det investert 3,5 milliardar kroner i driftsbygningar for jord- og hagebruk. Målt i faste kroner gir dette ein auke på 28 prosent frå 2005. Stadig meir pengar blir òg brukt til maskinar og reiskap.
Om lag 15 prosent av jordbruksbedriftene investerte i driftsbygningar i 2008, medan tala for 2005 og 2001 var respektive 12 og 11 prosent. Rekna om til prisnivået i 2008 var gjennomsnittleg investeringsbeløp 502 000 kroner i 2008, mot 425 000 kroner i 2005 og 199 000 i 2001. Det var bedriftene med størst og minst jordbruksareal som investerte mest. I gruppa 0-49 dekar finn vi mellom anna samdrifter med mjølkeproduksjon, og dei samdriftene som investerte, brukte i gjennomsnitt 1,5 millionar kroner til driftsbygningar i 2008.
Driftsforma storfe mjølkeproduksjon stod for 27 prosent av dei samla investeringane i driftsbygningar. Rekna per bedrift med investering var det driftsforma svin og fjørfe som låg høgast, med 987 000 kroner. Minst investering per bedrift fann ein innafor driftsformene sau samt korn- og oljevekstar.
1,1 milliardar til vedlikehald
Omkring 85 prosent av jordbruksbedriftene hadde utgifter til vedlikehald av driftsbygningar i 2008. Utgiftene utgjorde i alt 1,1 milliardar kroner, og det tilsvarar drygt 28 000 kroner per jordbruksbedrift med utført vedlikehald.
Fleire investerte i maskiner og reiskap
I 2008 blei det investert 2,8 milliardar kroner i maskiner og reiskap for jord- og hagebruk. Om lag ein tredjedel av bedriftene investerte i nye eller brukte maskiner og reiskap. I 2005 og 2001 investerte 29 og 26 prosent av bedriftene. Gjennomsnittleg blei det investert for 186 000 kroner per jordbruksbedrift som investerte i 2008. Tilsvarande tal for 2005 og 2001 omrekna til 2008-kroner var høvesvis 183 000 og 170 000 kroner.
Leasing aukar
Totalt betalte jordbruksbedriftene om lag 657 millionar kroner i leasingleige i 2008, mot 470 millionar kroner i 2005. Gjennomsnittleg betalt leasingleige var 92 000 kroner per bedrift med leasing, mot 82 000 i 2005.
Samla energiforbruk ned
Det totale forbruket av elektrisk energi i jord- og hagebruk gjekk litt ned frå 2005 til 2008, men det gjennomsnittlege forbruket per jordbruksbedrift auka. I 2008 blei det brukt 1,11 milliardar kWh, medan det i 2005 blei brukt 1,14 milliardar kWh. Rekna per jordbruksbedrift blei det i 2008 brukt 26 000 kWh, mot 24 000 i 2005.
Det totale forbruket av diesel i jord- og hagebruk var 127 millionar liter i 2008, mot 132 millionar liter i 2005. Forbruket av diesel per jordbruksbedrift auka med om lag 9 prosent til knapt 3 000 liter i 2008. Energiforbruket er ikkje korrigert for bedrifter med manglande opplysningar, og energiforbruk i veksthus er ikkje inkludert.
Tabeller:
- Tabell 1 Jordbruksbedrifter med investering i driftsbygningar for jord- og hagebruk. 1988, 1997, 2001, 2005 og 2008*
- Tabell 2 Investering i driftsbygningar for jord- og hagebruk. 1988, 1997, 2001, 2005 og 2008*. Faste 2008-kroner
- Tabell 3 Jordbruksbedrifter med investering i driftsbygninger for jord- og hagebruk, etter driftsform. 2008*
- Tabell 4 Vedlikehald av driftsbygninger for jord- og hagebruk. 2001, 2005 og 2008*. Faste 2008-kroner
- Tabell 5 Jordbruksbedrifter med investering i maskiner og reiskap for jord- og hagebruk. 1988, 1997, 2001, 2005 og 2008*
- Tabell 6 Investering i maskiner og reiskap for jord- og hagebruk 1988, 1997, 2001, 2005 og 2008*. Faste 2008-kroner
- Tabell 7 Forbruk av elektrisk energi i jordbruk. Ekskl. veksthus. 2001, 2005 og 2008*
- Tabell 8 Forbruk av diesel i jordbruk. Ekskl. veksthus. 2001, 2005 og 2008*
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Cathrine Gran Øverby
E-post: cathrine.overby@ssb.no
tlf.: 40 85 46 03