20304_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/sjofiske/aar
20304
Auke i nord, nedgang på Vestlandet
statistikk
1999-12-16T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
sjofiske, Sjøfiske etter laks og sjøaure, fangst, rømte oppdrettsfiskFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Sjøfiske etter laks og sjøaure1999

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i nord, nedgang på Vestlandet

Det blei fiska i alt 494 tonn laks, sjøaure og sjørøye i 1999. Dette er 74 tonn meir enn året før. Auka skuldast stor fangst i dei nordlegaste fylka, medan fangsten er meir enn halvert i Hordaland og Sogn og Fjordane samanlikna med 1998.

Fangsten var fordelt på 483 tonn laks og 11 tonn sjøaure/sjørøye. 32 prosent av laksen var under 3 kilo, 47 prosent mellom 3 og 7 kilo, og 21 prosent var over 7 kilo. Gjennomsnittlig vekt var 3,6 kilo, det same som i 1998.

I Finnmark som er det viktigaste laksefylket, blei det fiska om lag 210 tonn laks. Dette er 43 prosent av den totale laksemengda. Blant kommunane hadde Sør-Varanger og Namsos dei største fangstane.

 Sjøfiske, etter laks, sjøaure/sjørøye og fylke. 1998 og 1999. Tonn

Sjøfiske, etter laks
og sjøaure/sjørøye.
1998 og 1999. Tonn
  1998 1999
I alt 420 494
Laks i alt 409 483
Under 3 kilo 127 152
Mellom 3 og 7 kilo 205 228
Over 7 kilo 77 103
Sjøaure og sjørøye 11 11
Frigitt 16. desember 1999 (C) Statistisk sentralbyrå

Tabeller: