Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang i sjølaksefisket
478 tonn villaks og sjøaure blei fiska i norske fjordar i år. Dette er 130 tonn mindre enn året før. Talet på sjølaksefiskarar gjekk ned frå 1 720 i 2003 til 1 574 i år.
All fangsten blei teken med kilenot og krokgarn. Fisken var fordelt på 464 tonn laks og 13 tonn sjøaure. Gjennomsnittsvekta for laks var 4,1 kilo i 2004, mot 3,7 kg året før. I år var 22 prosent av laksen under 3 kilo, 53 prosent mellom 3 og 7 kilo, og 25 prosent over 7 kilo. Prosenttala for 2003 var respektive 31, 42 og 27.
Det har vore nedgang i dei fire nordlegaste fylka, medan Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har hatt auke i fangstane.
I Finnmark, som er det viktigaste laksefylket, blei det fiska om lag 107 tonn laks. Dette er om lag 23 prosent av den totale laksemengda, men likevel 42 prosent mindre enn året før. Blant kommunane hadde Namsos, Agdenes og Rissa dei største fangstane.
Sjøfiske, etter laks og sjøaure. 2000-2004.
Tonn |
2000 | 2001 | 2002 | 2003 | 2004* | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
I alt | 638 | 709 | 607 | 607 | 478 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Laks i alt | 627 | 698 | 596 | 597 | 464 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Under 3 kilo | 251 | 198 | 123 | 187 | 102 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mellom 3 og 7 kilo | 273 | 350 | 308 | 252 | 246 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
7 kg og over | 102 | 150 | 165 | 159 | 117 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sjøaure og sjørøye | 12 | 11 | 11 | 10 | 13 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sjøfiske, etter laks
og sjøaure. 2003 og 2004*. Kommunar med størst fangst. Tonn |
2003 | 2004* | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Namsos | 73,4 | 63,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agdenes | 20,3 | 23,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Rissa | 21,7 | 23,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sør-Varanger | 29,5 | 20,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Trondheim | 18,2 | 17,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Alta | 26,0 | 14,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Skaun | 7,1 | 12,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Eigersund | 10,5 | 9,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Flatanger | 9,4 | 8,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Loppa | 13,6 | 8,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Statistikken kjem ut kvart år.
Kontakt
-
Anne Turi Baklien
E-post: anne.turi.baklien@ssb.no
tlf.: 48 24 45 30
-
Terje Olav Rundtom
E-post: terje.olav.rundtom@ssb.no
tlf.: 91 38 60 61