20302_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/sjofiske/arkiv
20302
Stor auke i laksefisket
statistikk
2000-12-13T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
sjofiske, Sjøfiske etter laks og sjøaure, fangst, rømte oppdrettsfiskFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Sjøfiske etter laks og sjøaure2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stor auke i laksefisket

Det blei fiska i alt 631 tonn laks og sjøaure i 2000. Dette er 137 tonn meir enn året før. Det har vore auke i alle fylka bortsett frå Nordland og Troms. I Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane er fangstane nær tredobla samanlikna med 1999.

 Sjøfiske, etter laks og sjøaure. 1999 og 2000. Tonn

Fangsten var fordelt på 619 tonn laks og 12 tonn sjøaure. 40 prosent av laksen var under 3 kilo, 44 prosent mellom 3 og 7 kilo, og 16 prosent var over 7 kilo. Prosenttala for 1999 var respektive 32, 47 og 21 prosent. Gjennomsnittleg vekt var 3,3 kilo, mot 3,6 året før.

Sjøfiske, etter laks og sjøaure.
1999 og 2000. Tonn
  1999 2000
I alt 494 631
Laks i alt 483 619
Under 3 kilo 152 249
Mellom 3 og 7 kilo 228 269
7 kg og over 103 101
Sjøaure og sjørøye 11 12
Sjøfiske, etter laks og sjøaure. 1999 og
2000. Kommunar med størst fangst.
Tonn
  1999 2000
Namsos 42,7 70,0
Sør-Varanger 55,7 45,2
Tana 19,4 26,5
Alta 14,8 22,5
Lebesby 18,6 22,2
Lenvik 13,9 21,9
Loppa 17,7 18,1
Namdalseid 12,8 17,6
Berlevåg 7,1 15,8
Trondheim 11,5 14,3

I Finnmark som er det viktigaste laksefylket, blei det fiska om lag 236 tonn laks. Dette er 38 prosent av den totale laksemengda. Blant kommunane hadde Namsos og Sør- Varanger dei største fangstane.

Statistikken kjem ut kvart år.