20300_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/sjofiske/arkiv
20300
Laksefisket aukar
statistikk
2001-11-29T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
sjofiske, Sjøfiske etter laks og sjøaure, fangst, rømte oppdrettsfiskFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Sjøfiske etter laks og sjøaure2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Laksefisket aukar

Det blei fiska i alt 704 tonn villaks og sjøaure i norske fjordar i år. All denne fisken er teke med kilenot og krokgarn. Dette er 66 tonn meir enn året før. Det har vore ein auke i alle fylka bortsett frå Østfold og Nord-Trøndelag.

 Sjøfiske, etter laks og sjøaure. 2000 og 2001. Tonn

Fangsten var fordelt på 693 tonn laks og 11 tonn sjøaure. Storleiken på den fiska laksen auka monaleg i høve til året før. I år var 28 prosent av laksen under 3 kilo, 50 prosent mellom 3 og 7 kilo, og 22 prosent over 7 kilo. Prosenttala for 2000 var respektive 40, 44 og 16. Gjennomsnittleg vekt var 3,8 kilo, mot 3,3 året før.

I Finnmark, som er det viktigaste laksefylket, blei det fiska om lag 246 tonn laks. Dette er 35 prosent av den totale laksemengda. Blant kommunane hadde Namsos og Sør-Varanger, som førre året, dei største fangstane.

Sjøfiske, etter laks og sjøaure. 2000
og 2001. Tonn
  2000 2001
I alt     638         704
Laks i alt 627 693
Under 3 kilo 251 196
Mellom 3 og 7 kilo 273 348
7 kg og over 102 149
Sjøaure og sjørøye 12 11
Sjøfiske, etter laks og sjøaure. 2000 og
2001. Kommunar med størst fangst.
Tonn
  2000 2001
Namsos 70,0 60,2
Sør-Varanger 45,6 46,0
Deatnu - Tana 26,5 32,0
Alta 23,0 22,1
Berlevåg 16,3 22,0
Loppa 18,1 20,2
Lebesby 22,3 19,3
Eigersund 11,9 19,1
Agdenes 10,2 18,0

Statistikken kjem ut kvart år.