Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang i laksefisket
Det blei fiska i alt 597 tonn villaks og sjøaure i norske fjordar i år. Dette er 112 tonn mindre enn året før. Det har vore nedgang i alle fylka bortsett frå Østfold, Sør-Trøndelag og Nordland.
All fangsten blei teken med kilenot og krokgarn. Fisken var fordelt på 587 tonn laks og 10 tonn sjøaure. Storleiken på den fiska laksen auka monaleg, og gjennomsnittleg vekt var 4,3 kilo, mot 3,8 kilo året før. I år var 21 prosent av laksen under 3 kilo, 52 prosent mellom 3 og 7 kilo og 28 prosent over 7 kilo. Prosenttala for 2001 var respektive 28, 50 og 22.
I Finnmark, som er det viktigaste laksefylket, blei det fiska om lag 203 tonn laks. Dette er 35 prosent av den totale laksemengda. Blant kommunane hadde Namsos og Sør-Varanger som vanleg dei største fangstane.
Sjøfiske, etter laks og sjøaure. 1998-2002. Tonn |
1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
I alt | 420 | 494 | 638 | 709 | 597 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Laks i alt | 410 | 483 | 627 | 698 | 587 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Under 3 kilo | 127 | 152 | 251 | 198 | 121 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mellom 3 og 7 kilo | 205 | 228 | 273 | 350 | 303 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
7 kg og over | 77 | 103 | 102 | 150 | 162 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sjøaure og sjørøye | 11 | 11 | 12 | 11 | 10 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sjøfiske, etter laks og sjøaure. 2001
og 2002. Kommunar med størst fangst. Tonn |
2001 | 2002 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Namsos | 62,7 | 42,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sør-Varanger | 46,5 | 34,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Alta | 22,1 | 26,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tana | 32,0 | 21,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Trondheim | 15,7 | 19,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Rissa | 12,1 | 17,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Vadsø | 11,6 | 15,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Loppa | 20,2 | 14,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lenvik | 16,8 | 14,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lebesby | 19,6 | 13,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Statistikken kjem ut kvart år.
Kontakt
-
Anne Turi Baklien
E-post: anne.turi.baklien@ssb.no
tlf.: 48 24 45 30
-
Terje Olav Rundtom
E-post: terje.olav.rundtom@ssb.no
tlf.: 91 38 60 61