152068_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/slakt/aar
152068
Auke i samla kjøtproduksjon
statistikk
2014-04-01T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri;Energi og industri
no
slakt, Kjøtproduksjon, kjøtkontroll, kontrollerte slaktIndustri og bergverksdrift, Jordbruk, Energi og industri, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Kjøtproduksjon2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i samla kjøtproduksjon

Den samla kjøtproduksjonen gjekk opp med 15 200 tonn, til 339 300 tonn, frå 2012 til 2013. Det var auke for alle kjøtslaga med unnatak av svinekjøt.

Husdyrhald per 1. januar
 Tonn 2013Prosent endring fra
 2012-20132008-2013
Svin127 516-3,13,9
Fjørfe104 03014,123,8
Storfe83 6967,3-3,2
Sau23 4242,8-2,9

Av det kontrollerte slaktet i 2013 utgjorde svinekjøt 128 000 tonn, fjørfekjøt 104 000 tonn, storfekjøt 84 000 tonn og sauekjøt 23 000 tonn.

Kraftig vekst i fjørfeproduksjonen

Det var produksjon av fjørfekjøt som auka mest frå 2012 til 2013, med ein oppgang på 13 000 tonn, eller 14 prosent. Slakt av storfe gjekk opp 6 000 tonn, tilsvarande ein auke på 7 prosent. For sauekjøt var det ein produksjonsvekst på 600 tonn, eller 3 prosent. Slakt av svin gjekk ned med 4 000 tonn, eller 3 prosent, i same perioden.

Rogaland på topp

Det blir framleis produsert mest kjøt i Rogaland, med 23 prosent av den totale kjøtproduksjonen, medan Nord-Trøndelag og Hedmark stod for respektive 14 og 13 prosent av totalproduksjonen.