Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Liten nedgang i samla kjøtproduksjon
Den samla kjøtproduksjonen gjekk ned med 1 000 tonn til drygt 338 000 tonn frå 2013 til 2014. Av det kontrollerte kjøtet i 2014 utgjorde svin nærare 129 000 tonn, fjørfe over 106 000 tonn, storfe snautt 79 000 tonn og sau vel 24 000 tonn.
Tonn | Prosent endring fra | Prosent endring fra | |
---|---|---|---|
2014 | 2013 - 2014 | 2009 - 2014 | |
Svin | 128 820 | 1,0 | 4,2 |
Fjørfe | 106 084 | 2,0 | 29,8 |
Storfe | 78 732 | -5,9 | -7,1 |
Sau | 24 156 | 3,1 | 1,0 |
Produksjonen av storfekjøt gjekk ned med 6 prosent frå 2013 til 2014. Sjølv om det var auke i produksjonen av dei andre kjøtslaga, gjorde det ikkje opp for nedgangen i storfekjøtproduksjonen. Produksjonen av sauekjøt steig 3 prosent, medan oppgangen for fjørfekjøt var 1,9 prosent. Det blei produsert 1 prosent meir svinekjøt i 2014 ennåret før.
Rogaland på topp
Det blir framleis produsert mest kjøt i Rogaland. I 2014 stod dette fylket for 23 prosent av den totale kjøtproduksjonen her til lands. Nord-Trøndelag og Hedmark stod kvar for seg for om lag 13 prosent av totalproduksjonen, medan Sør-Trøndelag og Oppland kvar hadde om lag 8 prosent.
Fem viktige fjørfefylke
Fjørfeproduksjonen er konsentrert til dei fem fylka Østfold, Hedmark, Rogaland, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag. 87 prosent av alt fjørfekjøt blir produsert i desse fylka. Rogaland hadde den største delen av produksjonen med 19 prosent, tett følgt av Hedmark og Østfold, båe med 18 prosent. Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag stod for respektive 17 og 14 prosent av fjørfekjøtproduksjonen.
Rogaland hadde også den klårt høgaste produksjonen av svinekjøt, og 30 prosent av alt svinekjøt blei produsert i det sørlegaste av vestlandsfylka. Deretter følgde Hedmark og Nord-Trøndelag, kvar med 14 prosent av svinekjøtproduksjonen.
Av den totale storfekjøtproduksjonen blei 16 prosent produsert i Rogaland. Deretter følgde Oppland med 15 og Nord-Trøndelag med 11 prosent.
Vel ein femtedel av alt sauekjøtet kom frå Rogaland, medan 13 prosent kom frå Oppland. Hordaland, Sogn og Fjordane og Nordland stod kvar for seg for mellom 8 og 9 prosent av sauekjøtproduksjonen.
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Magnus Theodor Engh
E-post: magnus.theodor.engh@ssb.no
tlf.: 40 81 13 40