Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Sterk nedgang i produksjonen av fjørfekjøt
Samla kjøtproduksjon gjekk ned med 5 500 tonn til 332 800 tonn frå 2014 til 2015, trass auka slakt av svin, sau og storfe. Til det var nedgangen i produksjonen av fjørfekjøt for stor.
Tonn | Prosent endring fra | Prosent endring fra | |
---|---|---|---|
2015 | 2014 - 2015 | 2010 - 2015 | |
Svin | 134 669 | 4,5 | 4,6 |
Fjørfe | 92 532 | -12,8 | 9,1 |
Storfe | 79 672 | 1,2 | -4,6 |
Sau | 25 555 | 5,8 | 4,6 |
Produksjonen av fjørfekjøt minka med 13 600 tonn eller 13 prosent frå 2014 til 2015. I same perioden auka produksjonen av svinekjøt med 5 800 tonn, og produksjonen av sauekjøt og storfekjøt med respektive 1 400 og 900 tonn. Sjølv om det var auke i produksjonen av desse kjøtslaga, gjorde det ikkje opp for nedgangen i fjørfekjøtproduksjonen.
Av den samla kjøtproduksjonen på 332 800 tonn utgjorde svin 40 prosent, fjørfe 28 prosent, storfe 24 prosent og sau 8 prosent.
Det er Rogaland som har den høgaste totale kjøtproduksjonen, og i 2015 sto dette fylket for 23 prosent av totalproduksjonen. Nord-Trøndelag og Hedmark kvar for seg stod for om lag 13 prosent, medan Østfold og Oppland hadde respektive 9 og 8 prosent av totalproduksjonen.
Det blei produsert 134 700 tonn svinekjøt i 2015, og 30 prosent av dette blei produsert i Rogaland. Deretter følgde Hedmark og Nord-Trøndelag, kvar med 14 prosent av svinekjøtproduksjonen.
Fjørfeproduksjonen er konsentrert til Rogaland, Østfold, Hedmark, Nord- og Sør- Trøndelag. I 2015 blei 87 prosent av en total produksjon på 92 500 tonn produsert i desse fem fylka. Rogaland hadde den høgaste delen av fjørfeproduksjonen med 20 prosent, tett følgd av Østfold og Hedmark, med respektive 19 og 18 prosent. Nord-Trøndelag produserte 17 prosent av fjørfekjøtet, medan Sør-Trøndelag sto for 12 prosent.
Av i alt 79 700 tonn storfekjøt blei 17 prosent produsert i Rogaland. Deretter følgde Oppland med 15 og Nord-Trøndelag med 11 prosent.
Vel ein femtedel av i alt 25 600 tonn sauekjøt i 2015 kom frå Rogaland, medan 12 prosent kom frå Oppland. Fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Nordland hadde kvar for seg 9 prosent av sauekjøtproduksjonen.
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Magnus Theodor Engh
E-post: magnus.theodor.engh@ssb.no
tlf.: 40 81 13 40