20392_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/slakt/arkiv
20392
Auka slakting av fjørfe og storfe
statistikk
2000-06-26T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri;Energi og industri
no
slakt, Kjøtproduksjon, kjøtkontroll, kontrollerte slaktIndustri og bergverksdrift, Jordbruk, Energi og industri, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Kjøtproduksjon1. halvår 2000, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka slakting av fjørfe og storfe

1. kvartal i år kontrollerte den offentlege kjøtkontrollen 64 600 tonn kjøt. Dette er ein auke på 1 800 tonn, eller 2,9 prosent, frå same periode i fjor. Av det kontrollerte kjøtet utgjorde storfe 41 prosent, svin 40 prosent og fjørfe 16 prosent.

Produksjonen av fjørfekjøt auka med 2 900 tonn til 10 300 tonn i 1. kvartal 2000. Dette svarar til ein auke på 38 prosent. I same perioden auka storfekjøtproduksjonen frå 25 700 tonn til 26 500 tonn, ein auke på 3 prosent.

Nedgang for sau og svin

For sau og svin har det vore nedgang i slaktemengda. Samanlikna med 1. kvartal 1999 har produksjonen av sauekjøt gått ned med 300 tonn eller knappe 15 prosent til 1 500 tonn. I 1. kvartal 2000 vart det godkjend 25 900 tonn svinekjøt, ein nedgang på 1 300 tonn (5 prosent) frå same periode i fjor.

Auka produksjon frå 1996 til 2000

Samanlikna med 1. kvartal 1996 har den totale kjøtproduksjonen gått opp med 12 prosent, frå 57 400 tonn i 1996 til 64 600 tonn i 2000. I denne perioden har produksjonen av fjørfekjøt auka relativt mest. Det vart kontrollert 6 700 tonn fjørfekjøt i 1. kvartal 1996, medan det vart kontrollert 10 300 tonn i 1. kvartal 2000. Dette gir ein auke i produksjonen på 54 prosent.

I same perioden har slaktemengda av storfe auka med 2 100 tonn (9 prosent) og slaktemengda av svin med 1 500 tonn (6 prosent). Slakting av sau låg på om lag same nivå, 1 500 tonn, i 1. kvartal 1996 som i 1. kvartal 2000.

Tabeller: