Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang i kjøtproduksjonen 1. halvår
Nedgangen i kjøtproduksjonen var på om lag 7 000 tonn 1. halvår i år i høve til same periode i fjor. Det er særleg storfekjøt vi produserer mindre av.
1. halvår i år kontrollerte den offentlege kjøtkontrollen 119 700 tonn kjøt. Dette er ein nedgang på 7 000 tonn, eller 6 prosent i høve til same periode i fjor. Det blei kontrollert 52 000 tonn svinekjøt, 42 600 tonn storfekjøt og 20 900 tonn fjørfekjøt. For storfe- og fjørfekjøt var det ein nedgang på respektive 13 og 1 prosent samanlikna med tilsvarande periode året før, medan produksjon av svinekjøt var om lag den same som i 1. halvår i fjor.
I 1. halvår 2001 utgjorde dei lyse kjøtslaga 51 prosent av den totale slaktemengda, mot 48 prosent i tilsvarande periode året før. Del svinekjøt av total slaktemengd auka frå 41 prosent i 1. halvår 2000 til 43 prosent i 2001, medan fjørfekjøt auka frå 17 til 18 prosent av totalen i same periode.
Det blei kontrollert mest kjøt i Rogaland med 21 900 tonn. Dette utgjer 18 prosent av alt kontrollert kjøt i 1. halvår 2001. Nord-Trøndelag og Hedmark stod for respektive 12 og 11 prosent av den totale kjøtproduksjon i same periode.
Tabeller:
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Magnus Theodor Engh
E-post: magnus.theodor.engh@ssb.no
tlf.: 40 81 13 40