20384_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/slakt/arkiv
20384
Auka slakt av sau og fjørfe
statistikk
2002-10-01T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri;Energi og industri
no
slakt, Kjøtproduksjon, kjøtkontroll, kontrollerte slaktIndustri og bergverksdrift, Jordbruk, Energi og industri, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Kjøtproduksjon1. halvår 2002, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka slakt av sau og fjørfe

1. halvår i år blei det kontrollert 120 600 tonn kjøt. Dette er ein auke på om lag 900 tonn samanlikna med same periode i fjor. Slakt av sau og fjørfe auka mest.

Endring i slaktemengda av dei ulike kjøtslaga. 2001-2002*. 1. halvår. Prosent

Av det kontrollerte slaktet 1. halvår 2002 utgjorde svinekjøt 50 400 tonn, storfekjøt 44 200 tonn og fjørfekjøt 22 600 tonn. Samanlikna med 1. halvår i 2001 har det vore ein auke for slakt av sau, fjørfe og storfe med respektive 9, 8 og 2 prosent, medan det har vore ein nedgang i slaktemengda for dei andre kjøtslaga.

Fordeling av dei ulike kjøtslaga. 1. halvår 2002*

Slakt av storfe 1. halvår i år auka med 650 tonn samanlikna med same periode i fjor. Produksjonen av kalv- og kvige-/oksekjøt auka, medan slakting av ku gjekk ned.

Svinekjøt utgjorde 42 prosent av det kontrollerte slaktet, medan storfekjøt utgjorde 37 prosent og fjørfekjøt 19 prosent.

Samanlikna med 1. halvår 1998 har kjøtproduksjonen auka med i alt 3 500 tonn, eller 3 prosent. Produksjonen av fjørfekjøt auka mest i denne perioden med 7 200 tonn, ein auke på 47 prosent. Sauekjøt auka med 370 tonn, eller 15 prosent. For storfe- og svinekjøt har det vore ein nedgang i slaktemengda med respektive 7 og 1 prosent i første halvår.

Tabeller: