Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auka produksjon av fjørfekjøt
Kjøtproduksjonen auka med om lag 600 tonn i 1. halvår i år i høve til same periode i fjor. Det var produksjon av fjørfe- og svinekjøt som auka, medan det var nedgang i produksjonen av storfe- og sauekjøt.
Det blei kontrollert 121 200 tonn kjøt i 1. halvår 2003, ein auke på 0,5 prosent samanlikna med 1. halvår 2002. Det var slakt av fjørfe og svin som stod for auken, med respektive 2 000 og 300 tonn, medan det har vore ein nedgang i slaktemengda for dei andre kjøtslaga.
Nedgang for saue- og storfekjøt
Av det kontrollerte slaktet i 1. halvår i år utgjorde svinekjøt 50 700 tonn, storfekjøt 42 700 tonn, fjørfekjøt 24 600 tonn og sauekjøt 2 800 tonn. Samanlikna med same periode i fjor har det vore ein nedgang i slaktemengda av sau og storfe med respektive 5 og 3 prosent.
Mest kjøt i Rogaland
Det blei kontrollert mest kjøt i Rogaland med 23 300 tonn i 1. halvår i år. Dette utgjer 19 prosent av den totale kjøtproduksjonen. I same periode blei det kontrollert minst kjøt i Aust-Agder og Finnmark.
Auka produksjon frå 1998 til 2003
Samanlikna med 1. halvår 1998 har den totale kjøtproduksjonen gått opp med 4 prosent, frå 117 000 tonn i 1998 til 121 200 tonn i 2003. I denne perioden har produksjonen av fjørfekjøt auka relativt mest. Det blei kontrollert 15 300 tonn fjørfekjøt i 1. halvår 1998, medan det blei kontrollert 24 600 tonn i 1. halvår 2003. Dette gir ein auke i produksjonen på 60 prosent.
Tabeller:
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Magnus Theodor Engh
E-post: magnus.theodor.engh@ssb.no
tlf.: 40 81 13 40