Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Produksjonen av kjøt aukar
Den samla produksjonen av kjøt i Noreg auka i første halvår 2004. I denne perioden blei det kontrollert 129 000 tonn kjøt. Dette er ein auke på 7 800 tonn, eller 6 prosent samanlikna med same periode i fjor.
Av det kontrollerte slaktet første halvår utgjorde svinekjøt 55 800 tonn, storfekjøt 44 000 tonn og fjørfekjøt 26 600 tonn. Samanlikna med første halvår i 2003 har det vore ein auke for slakt av svin, fjørfe og storfe med respektive 10, 8 og 3 prosent. I same periode har det vore sterk nedgang i slakt av sau.
I dei første seks månadene av 2004 utgjorde dei lyse kjøtslaga 64 prosent av den totale slaktemengda, mot 62 prosent året før. Del svinekjøt av total slaktemengd auka frå 42 prosent i første halvår 2003 til 43 prosent i 2004.
Det blei kontrollert mest kjøt i Rogaland med 25 000 tonn i første halvår i år. Dette utgjer 19 prosent av den totale kjøtproduksjonen. I same periode blei det kontrollert minst kjøt i Aust-Agder og Finnmark.
Tabeller:
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Magnus Theodor Engh
E-post: magnus.theodor.engh@ssb.no
tlf.: 40 81 13 40