Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auka produksjon av fjørfekjøt
Fjørfekjøt vert ein stadig større del av den totale mengda slakt i Noreg. I første halvår blei det kontrollert 34 100 tonn fjørfekjøt, 12 prosent meir enn i same periode i fjor. Samla var det ein liten nedgang i kontrollerte slakt i perioden.
Det blei kontrollert 135 800 tonn kjøt i første halvår i år, ein nedgang på 1 prosent samanlikna med same periode i fjor. Av det kontrollerte slaktet i 1. halvår 2007 utgjorde svinekjøt 55 900 tonn, storfekjøt 42 100 tonn, sauekjøt 3 400 tonn og fjørfekjøt 34 100 tonn. Samanlikna med 1. halvår 2006 har slaktemengda av fjørfe og sau auka med respektive 12 og 2 prosent, medan det for dei andre dyreslaga har vore ein nedgang.
Tabeller:
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Magnus Theodor Engh
E-post: magnus.theodor.engh@ssb.no
tlf.: 40 81 13 40