Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Rekordproduksjon av fjørfekjøt
Den samla produksjonen av kjøt auka med 4 000 tonn frå 2006 til 2007 og nådde rekordhøge 297 000 tonn. Det var produksjonen av fjørfe- og svinekjøt som stod for auken.
Av det kontrollerte slaktet utgjorde svinekjøt 40 prosent, storfekjøt 29 prosent, fjørfekjøt 24 prosent og sauekjøt 8 prosent. I høve til 2006 har det vore auke i slakt av fjørfe og svin, medan det har vore nedgang for dei andre kjøtslaga.
Fjørfeslakt dobla sidan 1997
Produksjonen av fjørfekjøt er meir enn dobla på ti år, frå 33 400 tonn i 1997 til 70 000 tonn i 2007. Samanlikna med 2006 har fjørfeproduksjonen auka med 12 prosent i 2007. Fjørfekjøt utgjer ein stadig større del av den totale kjøtproduksjonen. For ti år sidan var 13 prosent av den totale kjøtproduksjonen fjørfekjøt, medan den i 2007 utgjorde 24 prosent av totalen.
Dei lyse kjøtslaga, svine- og fjørfekjøt, utgjer no til saman 63 prosent av den totale slaktemengda. For ti år sidan var 55 prosent av kjøtproduksjonen svine- og fjørfekjøt.
Tabeller:
- Tabell 1 Offentleg kjøtkontroll. Slakt godkjende til folkemat. Tonn
- Tabell 2 Offentleg kjøtkontroll. Slakt godkjende til folkemat. Tal dyr
- Tabell 3 Offentleg kjøtkontroll. Slakt godkjende til folkemat av ulike dyreslag. Tal dyr
- Tabell 4 Offentleg kjøtkontroll. Slakt godkjende til folkemat av ulike dyreslag. Tonn
- Tabell 5 Offentleg kjøtkontroll. Slakt godkjende til folkemat. Gjennomsnittsvekt. Kg
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Magnus Theodor Engh
E-post: magnus.theodor.engh@ssb.no
tlf.: 40 81 13 40