Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auka kjøtproduksjon
Det blei kontrollert 159 900 tonn kjøt i 1. halvår 2016, som er knapt 4 prosent meir enn i den same perioden i fjor. Av det kontrollerte slaktet i 1. halvår i år utgjorde svinekjøt 69 300 tonn, fjørfekjøt 47 600 tonn, storfekjøt 39 200 tonn og sauekjøt 3 600 tonn.
Tonn | Prosent endring fra | ||
---|---|---|---|
1. halvår 2016 | 1. halvår 2015 - 1. halvår 2016 | 1. halvår 2011 - 1. halvår 2016 | |
Svin | 69 311 | 5,5 | 7,7 |
Fjørfe | 47 592 | 2,9 | 14,6 |
Storfe | 39 156 | 2,1 | -3,4 |
Sau | 3 616 | 3,3 | 0,9 |
Sidan 1. halvår 2015 har det vore auke i slaktemengda for alle dei fire kjøtslaga, og størst prosentvis auke har det vore for svin med knapt 6 prosent. For slakt av sau og fjørfe var auken på om lag 3 prosent, medan slakt av storfe auka med 2 prosent frå 2015 til 2016.
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Magnus Theodor Engh
E-post: magnus.theodor.engh@ssb.no
tlf.: 40 81 13 40